Til hovedinnhold

Reproduktiv sukssess, smoltutvandring, smoltproduksjon, marin vekst og overleving hos laks og sjøaure

Godkjenningsdato
Godkjent fra
Godkjent til
Fiskeriforvalting, miljøforvalting og næringsinteresser har behov for presise data på bestandar og bestandsutvikling av sjøaure og villaks. Forvaltinga har også behov for betre kunnskap om naturlege og menneskeskapte påverknadsfaktorar og den absolutte og relative betydninga av desse faktorane.
Gjennom investering i feltfasilitetar med infrastruktur for overvaking av smoltutvandring og oppvandring av gytefisk,har Havforskingsinstituttet sidan 2000 etablert verdifulle, dels unike tidsseriar på utvandringsforløp, smoltproduksjon av sjøaure og laks samt utviklinga av gytebestandane i midtre del av Hardangerfjorden, sentralt i Produksjonsområde-3.
For å kvantifisera marin overleving og tilvekst pr smoltårsklasse, søkjer vi om å merka inntil 1500 sjøauresmolt og inntil 2000 laksesmolt pr år i 2021 og 2022 med PIT merke (12 mm), og ta mikrokutt av fettfinnen for DNA typing. Ein ventar at forsøket vil ha kortvarig og svært små skadeverknadar på fisken. Smolten blir som tidlegare fanga i Wolf smoltfelle oppstraums Seimsfossen. Smolten kan sømja fritt gjennom 10 toms ledning vidare til kar med rennane vatn. Ein og ein fisk blir deretter overført til bedøvelseskar når merkeprosedyren startar. Benzokain vet 200mg/ml (20 %). Dosering 15-20 ml/100 l vann vil bli brukt til bedøvelse i forbindelse med PIT marking (12 mm merke) og klipping av fettfinne. Etter at fisken er bedøvd (buken opp og sakte men regelmessige gjellebevegelsar) vil den bli vegd og lengdemålt, før PIT merket blir injisert i buken. Etter måling/veging/merking, blir fisken overført til nytt kar med friskt vatn for observasjon i nokre timar før tilbakesetting i elva. Prosedyren med veging,måling og merking tar under 1 minutt. Erfaringsmessig fungerer dette svært skånsamt.
For laksen ønskjer vi å kvantifisera grad av introgresjon av genetisk materiale frå rømt oppdrettslaks og reproduktiv sukssess hos individuelle fiskar. Slik test kan utførast ved mikroklipp av finne for DNA test av foreldretilhørighet. Vi søkjer difor om løyve til å mikroklipp (ca 10% av finne) av fettfinne på utvandrande smolt ( inntil 1500 sjøaure og inntil 2000 laks pr år) og tilsvarande for oppvandrande fisk (inntil 150 sjøaure og 150 laks pr år). Prosjektet er ei vidareføring av tidlegare godkjent prosjekt.