Til hovedinnhold

Smoltutvandring, marin vekst og overleving hos sjøaure og laks i eit kystnært vassdrag

Godkjenningsdato
Godkjent fra
Godkjent til
Med aukande grad av menneskeleg aktivitet i kyst og fjordområde, er det aukande krav til detaljert dokumentasjon av påverknadsfaktorar og bestandsstatus for sjøaure og laks. Figgjoelva på Jæren har utløp ved Selestranda, så sjøaure og laks vandrar direkte ut i havmiljøet utan å passera via fjordsystem. Vassdraget har ein eigen sjøaurebestand men bestandsstatus er lite kjent. Vassdraget er eit nasjonalt laksevassdrag med ein stor laksebestand. Føremålet er å undersøkja smoltutvandring, marin vekst og marin overleving og bestandstatus hos sjøaure og laks som vandrar rett ut i havet, for å samanlikna profilen med bestandane i Etneelva som vandrar gjennom eit fjordsystem. Vi søkjer om å få registrera utvandringsforløpet for smolten, der vi måler, veg og merkjer med PIT merke (12 mm), og klipper fettfinnen for DNA typing av inntil 1000 sjøauresmolt, inntil 1500 laksesmolt pr år i 2021 og 2022. Dette er videreføring av tidligere godkjent forsøk gjennomført i 2019 og 2020. Ein ventar at forsøket vil ha kortvarig og svært små skadeverknadar på fisken.
Smolten blir fanga i smoltruse nær utløpet i havet, overført til kar med rennane vatn med knutelaus håv, vegd og lengdemålt før PIT merking og klipping av fettfinne. Deretter blir smolten plassert i recovery kar med friskt rennande vatn for observasjon nokre timar før tilbakeføring til elva.
I elva det lagt ut PIT antenne og kamera for overvaking av oppvandrande sjøaure og laks. PIT antenne og samarbeid med fiskerettshavarane, vil gje god informasjon om biologiske data, skjellprøvar og gjenfangstar av PIT merke for estimering av marin vekst og overleving.