Tumorogene eigenskapar av tumorstamcelle deriverte cellepopulasjonar i SCID mus (videreføring)

Godkjenningsdato
Godkjent fra
Godkjent til
I. Forsøkets formål
Glioblastom er den vanlegaste form for hjernekreft, og prognosen er svært dårleg med ein median overlevelse på ca 12 månadar. Denne prognosen har i det store og heile vore uendra i nærmare 40 år, på tross av optimalisert behandling med kirurgi, kjemoterapi og stråling. Kreftstamceller er foreslått å vere cellene som gjev svulsten evne til vekst og terapiresistens.Vi kan dyrke slike celler frå biopsiar frå hjernekreft. Desse cellene er ein svært mykje betre modell for hjernekreft en andre etaberte modellar.

Cellene vi kan dyrke frå hjernesvulstbiopisar varierer frå pasient til pasient. Det er også ein fare for at vi ved å dyrke cellene i kultur selekterer for celler som veks godt in vitro, men ikkje kan indusere in svulst in vivo. Det er difor viktig å verifisere at cellen vi arbeider med er relevante - og fordi dei varierer frå ein pasient til neste er det ingen gode testar som kan substituere behovet for å transplantere cellen til mus.

Vi kan også dyrke kreftceller frå andre former for aggressiv hjernekreft. For å validere validiteten av desse er det naudsynt å vurdere evna dei har til å reetablere kreftsvulsten in vivo.

II. Venta skadeverknadar på dyra
Dyra vil utvikle hjernekreft som ligner på hjernekreften vi ser hos menneske. Ved utvikling av symptom, eller etter 16 veker ved forsøkets slutt, blir musene avliva.

III. Forventet vitenskapelige eller samfunnsmessig nytteverdi
Målsetninga med forsøka er å utvikle ein ny behandlingsstrategi for hjernekreft. Ved å verifisere tumorigene eigenskapar kan vi vere meir sikker på at responsen vi ser i cellekulturar er relevant for pasientane.

IV. Antall dyr og dyreart
120 mus (Mus musculus).

V. Korleis krava til 3R blir fulgt opp
Vi nyttar eit lite antall mus for å kunne teste ei rekke behandlinsstrategiar in vitro (replacement). Kun dei mest lovande vil seinare bli testa i vidare dyreforsøk (refinement). I seg sjølv er dermed dette forsøket med å redusere antall forsøksdyr (reduction).

Dette er en videreføring av tidlegare søknad ID: 2000.


Referanse:
Vik-Mo EO, Sandberg C, Olstorn H, Varghese M, Brandal P, Ramm-Pettersen J, Murrell W, Langmoen IA. Brain tumor stem cells maintain overall phenotype and tumorigenicity after in vitro culturing in serum-free conditions. Neuro Oncol. 2010 Dec;12(12):1220-30.

Lagt til medarbeider