Til hovedinnhold

Evaluering av kompensasjonsutsett av laksemolt, og effekten av lakselusinfeksjon på marin overlevelse på laks frå Lærdalselva, Sogn og Fjordane

Godkjenningsdato
Godkjent fra
Godkjent til
Kor effektive og hensiktsmessige kompensasjonsutsett av anadrom fisk er i samband med kraftreguleringar er i dag eit omdiskutert tema i fagkrinsar. Årlege utsett av 6000 eitt-årig smolt vert praktisert som kompensasjon for tapt produksjon i Lærdalselva. Trass i dette er vurdering av effekten av tiltaket, og om det ligg føre eit forbetringspotensial ved å optimalisere smoltutsettpraksisen, er ikkje gjennomførd systematisk. I reetableringsfasen (etter gyro-behandling) som Lærdalselva no er inne i, vil bidraget frå klekkeriprodusert smolt kunne gjere at ein oppnår gytebestandsmålet på eit tidlegare tidspunkt enn kva som hadde funne stad dersom reetableringa gjekk naturleg føre seg.

Formålet med denne studien er å nytte klekkeriprodusert fisk frå Ljøsne klekkeri i Lærdal til å belyse sentrale spørsmål knytt til effekten av kompensasjonsutsettjingar samt andre trugselsfaktorar for smolten.

Sportsfisket i Lærdalselva er i dag særs godt organisert og regulert, og gjennom å inkludere rapportering av fanga merkt klekkerifisk i dei eksisterande systema vil ein med stor sikkerheit kunne evaluere marin overleving som eit mål på tiltaket sin effektivitet.
I tillegg vil ein kunne dokumentere effekten av lakselusinfeksjon på marin overleving. Studiar med utsett av parallelle smoltgrupper med og utan lusemiddel (SLICE-fôr/badbehandlingar) har vist at lakselusinfeksjon kan ha ein bestandsregulerande effekt. Sognefjorden og Lærdalselva er av fleire grunnar særs godt egna for slik kunnskapsinnhenting, og data herifrå vil komplementere eksisterande datasett frå andre norske og internasjonale studiar.

I alt skal 6000 smolt frå Ljøsne klekkeri (15-20 cm) merkast med 12 mm PIT-merke. Powersimueringar der ein samanliknar to like grupper (3000 i kvar), der ei behandlast med lusemiddel medan den andre ikkje behandlast, og der sjøoverlevinga er 5% og 4.5% (10% skilnad), gav power på 0.7 med alpha=0.05. Talet 10% er vald då dette reknast som grensa for kva som kan tålererast av negativ effekt på ein laksebestand i kvalitetsnormen for laksefisk utreda av Vitskapleg råd for Villaksforvaltning.

Skadeverknaden på den PIT-merka smolten reknast som særs liten då merket utgjer under 1% av kroppsvekta til fisken og er innanfor den relative lengdegrensa sett av Mattilsynet.

Forsøket vil ha særs høg nytteverdi då ei slik evaluering av både kompensasjonsutsett og effekt av lakselus ikkje har vore gjennomført tidlegare. PIT-merka varar livet ut slik at vurdering over tid på livslange effektar óg vil vere mogleg på sikt. Dette gjer at både vitskaplege (faktorar som påverker livtidssuksess) og samfunnsmessige (sportsfiske, oppdrettseffektar, kompensasjonseffektar) vert belyst gjennom forsøket.

Krava om erstatning, reduksjon og forbetring vert teke omsyn til gjennom at detaljert power-simulering som nyttar tilgjengeleg lokal og vitskapeleg dokumetasjon leggast til grunn for tal på individ som skal merkast. Vi legg opp til best-practice i høve til prosedyrar under merkinga der erfarne merkarar med lang erfaring innan fiskemerking syt for god overleving hjå fisken. All merka fisk vurderast nøye (etter fleire timar etter merkinga) før han settjast ut i vassdraget. Den merka fisken setjast ut om natta og i grupper for å redusere predasjon etter utsett.