Kartlegging av AGD-styrke i ulike familier av 2017G til Marine Harvest

Godkjenningsdato
Godkjent fra
Godkjent til
Marine Harvest forvalter sin egen laksestamme, Mowi. Når stamfisk skal velgast ut, treng ein data for dei egenskapene som ein finn viktig. Egenskaper som er interessante er til dømes vekst, kvalitet (fett, farge) og evne til å motstå sjukdom (eks PD, IPN, Lakselus, AGD).

I dette forsøket ønsker Marine Harvest å sjøsette 3700 smolt på Havforskningsinstituttet sin lokalitet Sauaneset på Austevoll. Smolten representerer alle stamfiskfamiliene vi har i 2017G.
Lokaliteten vil med stor sannsynlighet få AGD-utbrot frå haust 2017. Vi har såleis ein mulighet for naturleg utfordring av familiane våre mot denne gjelleparasitten. Dette vil igjen resultere i at vi får kjennskap til AGD-styrken til dei ulike familiane, ein informasjon som kan inkluderast i avlsmål når 2017G stamfisk skal strykast hausten 2019.

Eg understreker at vi vil ha rensefisk ilag med laksen det her er snakk om, slik at vi har kontroll med lakselus.

Stamfisken som vi skal stryke i 2019, vil danne opphav til all stamfisk som Marine Harvest har i Norge (Hordaland, Sør-Trøndelag, Nordland), som igjen danner utgangspunkt for all produksjonsrogn Marine Harvest bruker i Norge, Irland, Skottland og deler av Færøyene. Potensialet for bedret fiskehelse og –velferd er såleis svært stort dersom vi lukkast med dette prosjektet.