Til hovedinnhold

Mengdemåling av rømt laks, vill laks og sjøaure i Etnevassdraget (copy) (copy)

Godkjenningsdato
Godkjent fra
Godkjent til
Rømt oppdrettslaks er eit problem i mange vassdrag. Føremålet er å framskaffa presis kunnskap om rømt og vill fisk til offentleg forvalting. Forvaltinga har behov for presis kunnskap om rømt fisk i vassdrag og effektar på ville bestandar. Forvaltinga har samtidig behov for presis kunnskap om bestandssituasjon og marin overleving for villaks og sjøaure. Ved den nasjonale forskingsplattforma som Havforskingsinstituttet har etablert i Etneelva inngår ei heildekkande oppvandringsfelle som gir presise data på både rømt laks, villaks og sjøaure, samtidig som den rømte laksen blir fjerna frå gytebestanden. Fangstsystemetet består av ei heildekkande flyteristsperre for oppvandring og ei smoltfelle for fangst av smolt. Oppvandrande fisk blir fanga I fangstkammer for vidare handtering. Smolt blir fanga i smoltfella eller elektrofiske. All vill fisk i fella blir registrert og handsama skånsamt, deretter sett tilbake i elva umiddelbart. Vi ventar svært liten skade på fisken.Som kontroll på fangsteffektiviteten på oppvandrande fisk tar vi eit mikrokutt av ytre del av fettfinne (ca 10% av fettfinnen) for å estimera a) fangsteffektiviteten, b) andel rømt fisk som blir fjerna, og c) total gytebestand av både laks og sjøaure.
Det blir søkt om løyve til å ta 3-5 skjell og fjerna inntil 10% av fettfinnen hos oppvandrande sjøaure (inntil 1200 pr år) og laks (inntil 2200 pr år) Dette materialet blir brukt til alders- og vekstanalysar, sortering av rømt og vill laks, som eit visuelt merke for merke-gjenfangst forsøk og for DNA studier av slektskap og innkryssing. Det blir også søkt om løyve til PIT merking av inntil 1500 sjøauresmolt og inntil 3000 laksesmolt pr år for kontroll for utvandringstidsforløp, -år og vekstanalysar samt sjøoverleving hos spesifikke årsklassar i bestanden.
I søknad om endring ber vi om å endra merkesystem for inntil 150 smolt frå PIT merke til akkustiske merke. I tillegg ber vi om løyve til å vega, måla og ta mikroprøve for DNA profil av intil 40 utvandrande utgytte laksar. Frå inntil 20 av desse ønskjer vi å ta 1-2 ml blod for testing av virussmitte., samtidig som inntil 10 individ blir merka akkustisk.