Til hovedinnhold

Genetiske og økologiske effektar av oppdrett

Godkjenningsdato
Godkjent fra
Godkjent til
Ved Havforskingsinstituttet sin feltstasjon I Rosendal, Kvinnherad (Hordaland) er det etablert ei Wolf smoltfelle og oppvandringsfelle I elva. Dette var ein respons på fiskeriforvaltinga og miljøforvaltinga sitt behov for kunnskap om genetiske og økologiske effektar av oppdrett og data på ville bestandar av laks og sjøaure i Hardangerfjordbassenget. Gjennom registreringa av utvandrande smolt og oppvandrande fisk sidan 2000 er det framskaffa ny kunnskap pm konkurransetilhøvet mellom avkom av rømt og vill laks I elv, og det er etablert verdifulle tidsseriar på smoltproduksjon av sjøaure og laks samt utviklinga av gytebestandane. Det er ønskjeleg å auka presisjonen i registreringane. Bestandane av sjøaure I området er svake, og PIT merking av sjøauren med tilhøyrande klipping av fettfinne vil gje oss individdata samt DNA materiale til undersøking av migrasjonsmønster og evt endringar i fitnessrelaterte gen. For laksen ønskjer vi å kvantifisera grad av introgresjon av genetisk materiale frå rømt oppdrettslaks. Slik test kan utførast ved DNA materiale frå biopsiprøve/klipp av fettfinne av utvandrande og
oppvandrande individ. Vi søkjer om å få PIT-merka inntil 1500 sjøauresmol og inntil 2500 laksesmolt pr år (2017-2018) og ta fettfinneprøvar av desse. Vi søkjer samstundes om å få ta mikroklipp av finne på inntil 150 oppvandrande aure og 150 oppvandrande laks. Oppvandrande fisk blir fanga i oppvandringsfeller i etablert i fisketrapp. All fisk blir handsama skånsamt og bedøva med benzocain og deretter sett tilbake i elva. Rømt oppdrettsfisk blir avliva.