Til hovedinnhold

Smittemodell nekrotiserande enteritt kalkun

Godkjenningsdato
Godkjent fra
Godkjent til
Målet med denne søknaden er å kunne gjennomføre forsøk med sikte på etablering av ein smittemodell for nekrotiserande enteritt hos kalkun.
Nytteverdi: Nekrotiserande enteritt er eit problem hos kommersiell norsk kalkun, og den vanlegaste årsaka til bruk av terapeutiske antibiotika til norsk fjørfe. Slik bruk bør reduserast mest mogleg for å minimere risikoen for utvikling av bakteriell resistens mot preparat av betydning for human helse. Ein smittemodell vil gjera det lettare å studere både patogenese og modulerande faktorar for nekrotiserande enteritt hos kalkun, noe som vil gjera det enklare å finne fram til forebyggande tiltak som kan redusere bruken av antibiotika ved behandling av denne tilstanden.
Forventa skadeleg effekt på dyra: Moderat påkjenning (belastning).
Antal og type dyr: 576 slaktekalkunar av kommersiell type (BUT 10).
Erstatting: Det finst ingen aksepterte alternativ til bruk av ein kalkunmodell. Nekrotiserande enteritt har ein kompleks patogenese som ikkje kan reproduserast in vitro, særleg ikkje så lenge ein ikkje har forstått fullt ut kva som skjer in vivo.

Reduksjon: Det viktigaste på sikt med tanke på framtidig bruk av ein smittemodell er at denne modellen gir konsistent reproduksjon av spesifikke lesjonar hos ein høg prosentdel av dyra. På den måten vil ein klare seg med små forsøksgrupper for å demonstrere ein effekt av eit forebyggande tiltak.

Forbetring: Vår erfaring så langt er at dyra berre unntaksvis viser kliniske teikn til sjukdom som følgje av inokuleringa. Vi har heller ikkje som mål å indusere klinisk sjukdom. Vårt mål er konsistent induksjon av moderate men spesifikke tarmlesjonar hos ein høg prosentdel av kalkunane. Når dette målet er nådd, kan ein vurdere om det er grunnlag for mindre justeringar i modellen med tanke på minimert risiko for klinisk sjukdom.