Mattilsynet sitt ansvar for dyrevelferda
Mattilsynet utviklar regelverk, fører tilsyn og rettleier verksemder og personar som eig dyr.
Innhold på denne siden
Kva er dyrevelferd?
Dyra har vore mat, arbeidskraft og vennar for oss menneske i tusenar av år. Synet på dyr, kven de er og korleis dei skal bli behandla har opptatt oss like lenge.
Forholdet til dyr har i nokre kulturar vore prega av fellesskapsfølelse og respekt, mens andre har fokusert på dyra sin nytteverdi.
Måten vi held dyr på har også endra seg i takt med utviklinga av teknologi og velstand. Husdyra blir stadig meir produktive, og miljøet dei blir haldne i blir stadig meir regulert. Mens dyrevern tidlegare handla om å beskytte dyr mot fysisk mishandling, er vi i dag også opptatt av å sikre dyra våre ei akseptabel velferd.
Den engelske Brambellkommisjonen utgreidde omgrepet dyrevelferd i 1965, og oppsummerte den ideelle velferda for husdyr i form av dei fem fridomane:
- Fridom frå svolt, tørste og feilernæring – ved at dyra har fri tilgang på friskt vatn og ein diett som opprettheld god helse og trivsel.
- Fridom frå fysisk ubehag – ved at dyra blir haldne i eigna levemiljø med komfortabel liggeplass og ly for vêr og vind.
- Fridom frå smerte, sjukdom og skade – ved førebygging, rask diagnostisering og behandling.
- Fridom til å utøve normal åtferd – ved at dyra får nok plass i eigna driftssystem og samvær med dyr av same art.
- Fridom frå frykt og stress – ved at dyra blir haldne og behandla på ein slik måte at dei unngår vedvarande frykt og stress.
Kommisjonen slo fast at dei to første punkta stort sett er oppfylt i moderne husdyrhald, mens fridomen til å utøve normal åtferd er dårlegast varetatt. ”Dei fem fridomane” har påverka utviklinga av regelverk for hald av husdyr i heile verda, spesielt i EU-landa og i Noreg.
Mattilsynet rettleiar
Mattilsynet forklarer kva for reglar som gjeld for dyrevelferd og saksbehandling i dyrevelferdssaker, og kva reglane betyr.
Vi rettleiar både på heimesidene våre, på telefon og andre stadar der dyreeigarar er i kontakt med oss.
Vi lagar skriftlege rettleiingar
Uansett kor detaljert ei lov eller ei forskrift er, kan det oppstå tilfelle der ein verksemd eller dyreeigar er usikker på korleis dei skal følge reglane.
For å forklare korleis vi tolkar reglane, og korleis vi vil handheva dei, lagar Mattilsynet såkalla rettleiingar på ulike område. Ei rettleiing er ei skriftleg forklaring som ofte inneheld eksempel.
Vi rettleiar om rettar og plikter i saker vi handterer
Mattilsynet rettleiar om korleis vi handterer saker. Det betyr at viss du har en sak hos Mattilsynet, skal vi fortelje deg kva for rettar og plikter du har under handteringa.
Mattilsynet fører tilsyn
Mattilsynet skal føre tilsyn med at dei som har ansvar for dyr, følger reglane.
Ansvaret for velferda til dyra ligg hos
- dyreeigaren (for tamme dyr)
- den som handterer dyret (for ville dyr)
Viss vi oppdagar at nokok ikkje følger reglane, skal vi reagere og prøve å få dyrehaldaren til å følge regelverket. Sjå kva for verkemiddel vi kan bruke
Slik fører vi tilsyn
Mattilsynet brukar fleire metodar for å føre tilsyn med dyrevelferda. Den vanlegaste metoden er inspeksjonar i dyrehalda. Sjå ein kort video om kva som skjer når vi kjem på inspeksjon:
Andre viktige deler av tilsynsarbeidet er at vi handterer søknader om tillatinger, godkjenninger og dispensasjoner (søknader om unntak frå krav i regelverket).
I tillegg gjennomfører vi tilsynskampanjer, der vi ein periode rettar søkelyset mot eitt eller fleire avgrensa område.
Dette fører vi tilsyn med
Mattilsynet fører tilsyn med alle typar dyrehald: Både tradisjonelle produksjonsdyr som storfe og gris, og dyr som blir haldne som kjæledyr eller for å delta i sport og konkurransar, som hest.
Slik veit vi kven som har dyr
For dei fleste artane av produksjonsdyr må ein melde frå til Mattilsynet om dyrehaldet. For nokre aktivitetar med fyr må ein også ha godkjenning frå Mattilsynet. På denne måten veit Mattilsynet om dyrehalda, og kan gjennomføre tilsyn med dei.
Dei som eig kjæledyr og sportsdyr, må som regel ikkje melde frå til Mattilsynet. Når vi fører tilsyn med slike dyrehald, er det som regel fordi vi har fått bekymringsmeldingar frå publikum, eller fordi vi har våre eigne erfaringar med dyrehaldet.
Mattilsynet utviklar regelverk
Mattilsynet deltar i utviklinga av regelverket som skal vareta dyr si velferd i Noreg.
Regelverket består i hovudsak av lov om dyrevelferd (lovdata.no) og forskriftene til lova. Det er Stortinge som vedtar lovene, og departementa som fastset forskriftene. Departementa som styrer Mattilsynet sitt arbeid med regelverk er Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet.
Når vi jobbar med regelverk, involverer vi som regel både kunnskapsinstitusjonar, som Vitenskapskomiteen for mat og miljø, næringsorganisasjonar, dyrevernsorganisasjonar og andre offentlige etatar. Vi sender òg utkastet til reglar på offentleg høyring, sånn at alle som vil, kan gi innspel.
Samarbeidsavtale med politiet om dyrevelferd
Mattilsynet og Politiet har hatt ein samarbeidsavtale sidan 2015. Det overordna målet for det tverretatlege samarbeidet er å styrke kampen mot dyrevelferdskriminalitet.
Samarbeidsavtalen skal bidra til å sikre eit godt og konstruktivt tverretatleg samarbeid med respekt og forståing for etatane sine eigne pliktar og prioriteringar. I avtalen er ein einig om at etatane er ansvarlege for sine eigne prioriteringar og avgjerder, og for at desse blir melde, innførte og følgde opp i den einskilde etaten.
I samarbeidet skal det leggast til rette for å kunne drøfte generelle problemstillingar, og for å kunne utveksle generell informasjon som har betydning for kampen mot dyrevelferdskriminalitet.