Smitteførebygging ved kåringar, dyrsyn og andre arrangement med dyr

Hausten er høgsesong for samling og flytting av dyr. Smitterisiko aukar generelt når ein samlar dyr frå ulike dyrehald. Arrangør har ansvar for å gjere smitteførebyggande tiltak på slike arrangement.

Publisert

Dyresamlingar skal arrangerast på ein måte som i størst mogleg grad hindrar smitteoverføring. Når dyr frå ulike dyrehald samlast, er det likevel risiko for at smitte blir overført mellom dyr.

Alle dyrehald som deltar på slike samlingar med dyr, kan risikere å bli smittekontaktar og bandlagt dersom dyr som deltar på samlinga blir sjuke. Smittesporing og bandlegging er viktige tiltak for å førebygge og eventuelt nedkjempe smittsame dyresjukdommar.

Merk:

  • Du som arrangør er ansvarleg for å sikre formålstenlege smitteførebyggande tiltak på arrangementet ditt. Du har lov å stille strengare krav enn det regelverket krev. For eksempel kan kåringssjå/kåringsskue for vêrar arrangerast på kvar enkelt gard, framfor å samle dyra frå ulike dyrehald på éin stad.
  • Når du melder frå om arrangementet til Mattilsynet, skal du opplyse om kva smitteverntiltak du planlegg.
  • Alle dyr som skal delta på dyresamlingar, skal vere friske og komme frå dyrehald utan restriksjonar som følge av sjukdom. Dei skal også følgast av ei eigenerklæring. Dyr som kjem frå eit anna fylke, skal også ha veterinærattest.

Meir informasjon om arrangement med dyr

Stemne, utstillingar mm – arrangørkrav

Smitteførebygging ved dyresamlingar

Sida er ein del av denne rettleiinga: