Kva er ein zoonose?
Zoonosar er sjukdommar som kan smitte mellom dyr og menneske. Sjukdommane blir forårsaka av ulike typar smittestoff som virus, bakteriar, sopp, parasittar og prion.
Overføring av smittestoff frå dyr til menneske kan skje på ulike måtar. Overføring ved direkte kontakt med smitteberande dyr førekjem. Meir vanleg er smitte gjennom maten vi et, spesielt via mat som kjem frå dyr (kjøtt, egg og mjølkeprodukt), men også via vatn og frukt/grønsaker som har blitt forureina av smittestoff frå gjødsel eller kloakk.
Indirekte smitte kan også gå føre seg via ein såkalla vektor – for eksempel blodsugarar som flått og mygg. Vektoren kan få i seg smittestoffet frå dyr, og føre vidare det til andre dyr og menneske.
Mange av zoonosane fører ikkje til sjukdom hos dei smitta dyra, men desse kan likevel fungere som friske berarar av smittestoffa.
Sjukdomsutbrot på grunn av mat eller drikke
Når det oppstår sjukdomsutbrot hos menneske på grunn av mat- eller vassboren smitte samarbeider Mattilsynet, Veterinærinstituttet, kommuneoverlegane og Folkehelseinstituttet tett for å finne kjelda til utbrotet. Les meir om dette på temasida om Smitte frå mat og drikke.
Ved utbrot av sjukdommar hos dyr, også dei som kan vere zoonosar, har Mattilsynet ansvar for tiltak.
Ved mistanke om zoonose
Ved mistanke om zoonosar hos menneske eller dyr kontakt lege eller veterinær for prøvetaking, behandling og eventuelt smittesporing og rapportering. For mange zoonosar er det meldeplikt, det vil seie at funn av smittestoffet hos menneske, hos dyr, i fôr eller i mat skal meldast til myndigheitene.