Rabies på Svalbard

Rabies har vore påvist hos  ville dyr på Svalbard sidan 1980. Fastlands-Noreg er fritt for rabies.

Fagleg oppdatert

På Svalbard blir polarreven rekna som den mest sentrale smittespreiaren. Rabies kan smitte til alle pattedyr, også svalbardrein. Reinen blir vanlegvis ikkje aggressiv, men viser andre sjukdomsteikn, slik som lammingar. Dersom du ser eit sjukt eller daudt dyr, er det viktig at du ikkje handterer dyret sjølv, men melder frå til Sysselmeistaren (sysselmesteren.no)

Det er krav om at hundar som får løyve til å dra til Svalbard er vaksinerte mot sjukdommen. Vaksine beskyttar mot rabiessmitte. Det er også krav om at hundar som skal attende til Noreg er vaksinerte mot sjukdommen. Slik unngår vi at smitte blir ført til fastlandet.

Kven gjer kva?

Sysselmeistaren har ei sentral rolle i å ivareta sikkerheit og beredskap på Svalbard. Ved mistanke om smitte på ville dyr, skal du kontakte Sysselmeistaren. Sysselmeistaren har ansvar for å ta ut prøver og handtere kadaver. Ved utbrot av rabies hos tamme dyr, vil Mattilsynet som fagstyresmakt vedta og setje i verk tiltak i tett samarbeid med Sysselmeistaren.

Veterinærinstituttet analyserer prøver og gir Mattilsynet faglege råd. Folkehelseinstituttet gir faglege råd om smitte til menneske.

Kva skal ein gjere ved utbrot

Ved utbrot skal befolkninga på Svalbard følgje dei råda som blir gitt på Sysselmeistaren (sysselmesteren.no).

Import av jakttrofé frå Svalbard til Fastlands-Noreg

Svalbard er ikkje ein del av EØS-avtalen, derfor er Svalbard å rekne som eit tredjeland ved innførsel av jakttrofé.

Sjå informasjon om reglar for import av jakttrofé frå Svalbard.

Merk at det berre kan innførast jakttrofé frå dyr som ikkje er mistenkt for å vere angripe av sjukdommar som kan overførast til menneske eller dyr.

Innførsel av animalske biprodukt til forsking frå Svalbard

Ein må søke om innførselsløyve for å innføre animalske biprodukt til forsking til fastlands-Noreg. Sendinga skal via grensekontroll. Dersom Noreg er eit mellomland, må avsendar sørgje for at krava til mottakarland er oppfylte.

Innførsel av kjøtt

I utgangspunktet er det totalforbod mot innførsel av kjøtt, kjøttprodukt, mjølk og meieriprodukt frå Svalbard til Noreg, Island og EU. Likevel er det lov å innføre til Noreg – ikkje til Island eller EU – kjøtt frå vilt og produkt av slikt kjøtt såframt mengda ikkje overskrid fem kg per person.