Generelt om Noregs dyrehelsestatus 

Noreg har svært god dyrehelse, og det er viktig at denne statusen blir halden oppe. Fleire av sjukdommane som rammar dyr kan overførast til menneske, så ei god dyrehelse er òg viktig for folkehelsa.

Publisert

Mange sjukdommar som er vanlege hos dyr i andre land, er ikkje påviste i Noreg. Deit har vore enkelte utbrot av alvorlege sjukdommar hos landdyr dei siste åra, men sjukdommane har heldigvis ikkje fått fotfeste. 

På nettsidane våre kan du lese meir om grunnlaget for sjukdomsfri status gjennom EØS-regelverket og Verdens dyrehelseorganisasjon (WOAH), og kva sjukdommar Noreg har ein slik status for. I tillegg overvaker og nedkjempar vi fleire sjukdommar enn dei som er omfatta av EØS-regelverket og WOAH. 

Noregs gode dyrehelse gjer at vi kan stille visse tilleggskrav ved import av levande dyr og andre sendingar som kan føre med seg smitte. Desse tilleggskrava, saman med gunstige geografiske og klimatiske forhold og lite import av levande dyr, bidreg til den gode dyrehelsestatusen vår. 

Du kan sjølv bidra til at Noreg bevarer ein god dyrehelsestatus ved å setje deg inn i og etterleve regelverkskrav ved import av levande dyr, avlsmateriale og smitteførande gjenstandar.