Sal av legemiddel til dyr
Sal av legemiddel til dyr skal i hovudsak skje frå apotek.
Som veterinær har du likevel lov til å selje legemiddel til dyr når du behandlar dyr. Dette gjeld for legemiddel som er brukte under behandlinga av eit dyr, og i tillegg legemiddel som er utleverte som ein del av behandlinga og fram til dei kan skaffast frå apotek.
Du kan ta deg betalt for det det kostar å kjøpe inn legemiddel, lagerhald og svinn, men du kan ikkje ha forteneste på sal av legemiddel.
Du finn meir informasjon om regelverk og tolking av dette her:
Regelverk for salg av legemidler til dyr (dmp.no)
Prisfastsetting av medisiner – Den norske veterinærforening (vetnett.no)