Til hovedinnhold

Forvaltninga av norsk drikkevatn

Forvaltninga av norsk drikkevatn har fleire aktørar. Både Helse- og omsorgsdepartementet og Mattilsynet har ansvar for drikkevassforskrifta.

Publisert

Sentralt nivå - primære aktørar

Helse og omsorgsdepartementet


Helse- og omsorgsdepartementet har det overordna ansvaret for dei helsemessige forholda. HOD er det ansvarlege departementet for lovene som drikkevassforskrifta er heimla i, og er derfor det sentrale departementet for forvaltninga av drikkevatn i Noreg.

Mattilsynet

Mattilsynet er direktorat for det forbruker- og helseretta tilsynet med næringsmiddel, som omfattar drikkevatn. Mattilsynet skal utforme regelverk, godkjenne og føre tilsyn med vassforsyningssystema i Noreg. Plangodkjenning og tilsyn etter drikkevassforskrifta blir gjennomført av Mattilsynets regionar. Tilsyn med vassforsyningssystem på kontinentalsokkelen har Mattilsynet delegert til Statsforvaltaren i Rogaland.

Hovudkontoret i Mattilsynet er klageorgan for vedtak som er gjorde av Mattilsynets regionar, samt på vedtak gjorde av Statsforvaltaren i Rogaland på delegert myndigheit frå Mattilsynet.

Helsedirektoratet

Helsedirektoratet er eit direktorat under Helse- og omsorgsdepartementet, og forvaltar mellom anna folkehelselova og smittevernlova. Dei har inga direkte oppgåve etter drikkevassforskrifta, men skal følge med på forhold som påverkar folkehelsa og bidra til å iverksette nasjonal politikk på folkehelseområdet. Dei skal vere ein pådrivar for kunnskapsbasert folkehelsearbeid, mellom anna gjennom utvikling av nasjonale normer og standardar for godt folkehelsearbeid.

Statens helsetilsyn

Statens helsetilsyn er eit direktorat under Helse- og omsorgsdepartementet, og har det overordna faglege tilsynet med folkehelselova etter § 31, og skal utøve myndigheit i samsvar med det som er bestemt i lov og forskrift. Helsetilsynet har da òg instruksjonsmyndigheit overfor fylkeslegen hos statsforvaltaren. Dei skal dessutan behandle klager fatta av Statsforvaltaren med heimel i folkehelseloven. For innretningar til sjøs som omfattast av petroleumslova, er helsetilsynet ein av fleire tilsynsmyndigheiter. Den utøvande myndigheita har dei delegert til Statsforvaltaren i Rogaland.

Nasjonalt folkehelseinstitutt

Folkehelseinstituttet er eit fagleg rådgivande organ for mellom anna Helse- og omsorgsdepartementet, Helsedirektoratet, Statens helsetilsyn, Mattilsynet og kommunar innan mellom anna drikkevassfaglege spørsmål. Folkehelseinstituttet nyttar vassverksdata frå Mattilsynet for tilarbeiding og til internt bruk. Folkehelseinstituttet er vidare eit nasjonalt kompetansesenter for oppklaring av vassboren smitte. Frå 2017 administrerer dei også telefontenesta "Vannvakta".

Sentralt nivå - andre

Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet er saman med Helse- og omsorgsdepartementet dei sentrale departementa på næringsmiddelområdet. Dei to første er i liten grad direkte involverte i forvaltninga av drikkevatn.

Klima og miljødepartementet er eit departement med ansvar innan forureining av jord, luft og vann, samt ansvar innan naturvern, friluftsliv, vilt og fisk.

Miljødirektoratet er eit direktorat med ansvar mellom anna innan forureining av jord, luft og vatn. Ved inngrep som kan føre til endringar i naturtilstanden eller vere til ulempe for friluftsliv, vilt og fisk skal miljødirektoratet uttale seg om saka. Dei er også klageinstans på saker etter § 7 i lov om laksefisk og innlandsfisk mv. Miljødirektoratet er koordinerande instans på sentralt nivå for arbeid etter vassforskrifta.

Miljøverndirektoratet forvaltar, saman med Miljøverndepartementet, forskrift om vann og avløpsgebyr.

Norges vassdrags- og energidirektorat (nve.no) (NVE) er eit direktorat med vassdragsmyndigheit etter vassressurslova. Vassressurslova regulerer vatn og vassuttak, som òg omfattar grunnvatn. NVE sine oppgåver innan sektoren for drikkevatn er behandling av konsesjonssøknadar og meldingar etter § 8 i vassressurslova. Klageorganet er Olje- og energidepartementet.

Regionalt nivå

Statsforvaltaren har etter 1.1.2004 ikkje hatt nokre lovpålagte oppgåver etter drikkevassforskrifta, men er ein viktig deltakar i forbindelse med å beskytte nedbørfeltet mot forureining. Vidare er statsforvaltaren ein viktig samarbeidspartnar for kommunelegen.

Fylkeskommunane har inga formell rolle når det gjeld drikkevassforskrifta, men er en viktig høyringsinstans i forbindelse med plangodkjenning av større vassforsyningssystem. Vidare har fylkeskommunen ein viktig rolle som regionalt planorgan, der mellom anna fylkesdelplanar for vassforsyning kan være eit aktuelt planverktøy.

Lokalt og kommunalt nivå

Kommunestyret har myndigheita til å gjere vedtak etter føresegn i folkehelselova kapittel 3 om miljøretta helsevern, inkludert vann til drikke eller hygienisk bruk. Medisinsk fagleg personell, som regel kommunelege I, er ein viktig høyringsinstans i forbindelse med plangodkjenning av vassverk. Vidare kan kommunen i særlege beredskapssituasjonar bestemme at det framleis kan leverast vatn sjølv om kvalitetskrava i drikkevassforskrifta ikkje er tilfredsstilte.