Til hovedinnhold

Plantehelserisiko og rett bruk av plantevernmiddel i primærproduksjon av frukt og bær

Målet for 2024 er å hindre introduksjon og spreiing av planteskadegjerarar gjennom målretta informasjon.

Publisert

Kvifor prioriterer Mattilsynet dette i 2024?  

Vi bidrar til at produsentar av frukt og bær er i stand til å hindre introduksjon og spreiing av alvorlege planteskadegjerarar, og at dei brukar lovlege plantevernmiddel på rett måte. Spreiing av skadegjerarar, og feil bruk av plantevernmiddel har betydelege negative konsekvensar både i primærproduksjonen og for naturmiljø. 

Korleis planlegg Mattilsynet å arbeide med dette?  

Vi vil gjennomføre ei anonym undersøking blant frukt- og bærprodusentar for å avdekke kvifor plantevernmiddel nokre gonger ikkje vert brukt på rett måte, og få kjennskap til kunnskapsnivået om planteskadegjerarar. Deretter vil vi lage målretta informasjon om skadegjerarar i frukt og bærproduksjon, og om konsekvensane ved feil bruk av plantevernmiddel. Mattilsynet vil dele informasjonen direkte med produsentane, delta på samlingar, samarbeide med rådgjevingstenesta og publisere i fagtidsskrift og på sosiale medium. 

Kva betyr dette for deg? / Kva kan du/ varsemda di forvente?  

Du som har frukt- eller bærproduksjon kan få eit spørjeskjema frå Mattilsynet som i vonar du vil svare på. Du vil også få informasjon om plantehelserisiko og rett bruk av plantevernmiddel i produksjonen i ulike kanalar.