Krav til transport og lagring av mat

Transport og lagring av mat blir sett på som næringsmiddel­verksemd og er derfor omfatta av dei same reglane som produksjon, handtering, lagring og omsetning av nærings­middel.

Fagleg gjennomgått
Vis endring
  1. Ny gebyrforskrift

    Saka er oppdatert i samband med nytt regelverk som tredde i kraft 15. mai 2026.

Det er i prinsippet ingen forskjell mellom krava som blir stilte til handtering av mat­varer når dei er på eit lager for oppbevaring, og når mat­varene er under transport.

Transport

Både verksemdene og kvar enkelt transportør har ansvar for at reglane for transport blir følgde. Transportørane har plikt til å følge dei reglane som gjeld for kvart enkelt transport­oppdrag. Samtidig må avsendaren sørge for at varene blir sikra på ein rett og forskrifts­messig måte under transporten, blant anna gjennom tilstrekkeleg emballasje og god og tydeleg merking.

Mattilsynet fører tilsyn med at transport av mat­varer blir gjort slik reglane krev.

Lager

Det er viktig at dei tilsette har god basis­kunnskap om regel­verket, same kor stor verksemda er. Regel­verket har føresegner om blant anna krav til temperatur og rein­gjering av lokale, rutinar for oppbevaring, handtering og omsetning av mat og personleg hygiene.

Det er den ansvarlege for verksemda som har ansvaret for at nærings­midla blir lagra på ein helse­messig trygg måte. Mattilsynet fører tilsyn med at regel­verket blir følgt.

Sjå òg:

Omlasting og mellom­lagring i EU før eksport til Den eurasiske økonomiske union

Gebyr

ATP-materiell skal godkjennast av Mattilsynet, og verksemda skal betale eit gebyr for godkjenninga. Storleiken på gebyret er fastsett i forskrift om gebyr til Mattilsynet, vedlegg 1 del A.