Nemninga bacon

Produkt med nemninga «bacon» skal vere laga av salta og røykt sideflesk av svin. Produkt som er laga av andre stykkingsdeler av svin eller frå eit anna dyrelag kan ha nemningar som inneheld ordet bacon.

Publisert

Ferdigpakka næringsmiddel skal vere godt merka

Alle ferdigpakka næringsmiddel skal vere merkte med ei nemning som gir forbrukarane eit klart inntrykk av kva næringsmiddel det er snakk om. Nemninga skal identifisere produktet tilstrekkeleg, slik at forbrukarane forstår kva dei kjøper.

Nemninga bacon som står aleine

I Noreg har det tradisjonelt vore ei forventing om at «bacon» er salta og røykt sideflesk av svin.

Mattilsynet meiner framleis at produkt som berre blir merka med nemninga «bacon», skal vere produsert av salta og røykt sideflesk av svin.

Bruk av nemningar som inneheld ordet bacon

Mange produkt blir omtalte som «bacon», men er frå eit anna dyrelag eller er laga av andre stykkingsdeler av svin.

Mattilsynet meiner at ordet «bacon» kan inngå i nemninga på produkt som er laga av andre dyrelag enn svin. Sjølv om produktet ikkje er laga av salta og røykt sideflesk av svin, kan «bacon» inngå som del av nemninga til næringsmiddelet.

I merkinga av denne typen produkt skal ikkje nemninga «bacon» stå aleine. Det må merkast med ei dekkande nemning slik at forbrukarar ikkje forvekslar produktet med vanleg «bacon». Mattilsynet meiner også at nemninga må brukast konsekvent i merkinga og marknadsføringa av produktet.

Det er alltid totalinntrykket som må vurderast når ein skal sjå om merkinga er rett og ikkje villeiande i samsvar med regelverket, eksempelvis desse punkta

  • ord og bilde
  • plassering av tekst, bilde og andre element
  • størrelsen og fargen på teksten og skrifttypen

Eksempel på bruk:

Det er akseptabelt at produktet som har bacon i nemninga ikkje er laga av salta og røykt sideflesk av svin, men nemninga må beskrive kva del av dyret det er produsert frå. Eksempel: Filetbacon eller bacon av nakke.

Det er akseptabelt at eit produkt som har bacon i nemninga ikkje er laga av svin dersom nemninga seier kva dyr det er produsert av. Eksempel: Kalkunbacon eller bacon av storfe.