Til hovedinnhold

Er det farleg å ete grøne poteter? Kva med grøne felt på kålrot?

I potetknollane er det ein del stoff som vi kallar glykoalkaloid – mest kjent er solanin. Det er desse stoffa som gir den typiske potetsmaken. I for store mengder er desse stoffa giftige.

Publisert
Poteter
Poteter som har vore utsette for lys, kan bli grøne. Foto.no: colourbox.com

Stoffa gir hovudpine og kvalme. Store mengder kan skade nervesystemet. 

Glykoalkaloida hopar seg som regel opp på dei same stadene som klorofyllet. Om grønfargen berre går litt inn i knollen, er det greitt å skjere bort det grøne og så ete resten av poteten. Dersom potetene har vore utsette for lys lenge, kan dei bli meir eller mindre grøne heilt igjennom. Slike poteter skal alltid kastast.

For høg konsentrasjon av solanin gir dessutan poteten ein beisk og bitter smak.

Poteter som har vore utsette for lys, er altså meir utsette for å bli grøne. Vel difor poteter i butikken som har blitt haldne unna lys.

Kva med grøne felt på kålrot?

Det er ikkje farleg å ete grøne felt på kålrot. Det er berre planter i søtvierfamilien, som poteter, som kan utvikle glykoalkaloid.

Poteter skal lagres mørkt og kjølig