Kva betyr SPF som blir angitt på kosmetiske produkt?
Mange kosmetiske produkt er merkte med SPF (Sun Protection Factor) utan at dei primært er eit solkremprodukt.
Døme er dagkremer, brunkremer, pudder etc. Produsentene ønskjer å opplyse om kva SPF- vern som blir gitt ved bruk av desse produkta.
Så lenge produkta ikkje er merkte med «solkrem», kan produsentane oppgi solfaktor (SPF) på ein slik måte. SPF-merkinga gir ein indikasjon på vern mot UVB (med eller utan UVA vern). Produsenten treng då ikkje å ta omsyn til EUs soltilrådningar (eur-lex.europa.eu). I slike tilfelle er det viktig at produktet inneheld informasjon som gjer tydeleg at det ikkje er eigna som einaste solvern ved soling. Det skal heller ikkje vere påstandar om noko anna i den retninga.
Dersom produktet også har UVA dekning lik EUs tilrådingar (min 1/3 del av UVB), merket med UVA merka, og merket med «solkrem» vil produktet definerast som solkrem, med forventing om at det følgjer EUs soltilrådingar med tanke på merking.