Database over stoff i kosmetikk og kroppspleieprodukt

CosIng er ein database over stoff som finst i kosmetikk og kroppspleieprodukt.

Publisert

CosIng: The European Commission database with information on cosmetic substances and ingredients (europa.eu)

Du må søkje etter internasjonalt standardiserte namn på ingrediensar, til dømes CAS-nummer eller INCI-namn og så bortetter.

I cosIng finn du informasjon om:

  • den vanlegaste funksjonen eit stoff har
  • restriksjonar (om stoffet er forbode eller har grenseverdiar). Restriksjonane viser til vedlegg i kosmetikkforskrifta
  • EU vitskapskomiteen (SCCP) si risikovurdering av stoffet

Databasen er ikkje uttømmande.

Ver merksam på at det at ingrediensar er tilordna med eit INCI-namn i CosIng, ikkje betyr at stoffet er tillate for bruk i kosmetiske produkt. CosIng listar også opp medisinske ingrediensar. 

Når det gjeld ingrediensar som blir brukte i kosmetiske produkt, slik som fargestoff, konserveringsmiddel og UV-filter, er det berre dei som er oppførte i kosmetikkforskrifta som er godkjend (vedlegg IV, V og VI) og oppført i CosIng.

I tillegg til at databasen er eit verktøy for produsentar og importørar for å få eit overblikk over tillatne stoff, skal bruken av alle ingrediensar i kosmetiske produkt støttast av ei tryggingsvurdering.

Tryggingsvurderinga skal bli lagt ved i PIF (produktinformasjonsdokumentet)