Mattilsynet publiserer rapport etter revisjon med Grieg Seafood ASA

Publisert

I perioden 23. august til 27. september 2024 førte Mattilsynet tilsyn med Grieg Seafood ASA. Revisjonsrapporten beskriv Mattilsynets observasjonar og vurderingar av avvik og forbetringspunkt knytt til regelverket.

Hos Grieg Seafood ASA har Mattilsynet avdekt to avvik knytt til risikostyring og avvikshandtering. 

Under revisjonen har me sett på utvalde delar av styrings- og internkontrollsystemet til selskapet. Observasjonane som er beskrivne i rapporten er derfor ikkje ei uttømmande liste over avvik eller forbetringspunkt. Me understrekar at det kan finnast andre avvik i styringssystema som ikkje er omtalte i rapporten.  

Mattilsynet har bede Grieg Seafood ASA om ei forklaring for korleis dei planlegg å korrigera avvika, inkludert ein tidfesta plan for implementering. 

Les meir om revisjonen og sjå rapporten.