Koking av krabbar
Først når du har nytta ein av desse metodane for å bedøve krabben, kan du koke han i vatn.
Det er viktig at du bruker ein stor nok kjele med rikeleg vatn. Vatnet skal fosskoke, og du skal ikkje leggje oppi meir enn ein til tre krabbar om gongen.
Om du skal koke fleire krabbar, må du først la vatnet koke opp igjen. Pass på at det framleis er rikeleg med vatn i forhold til krabbane. Om rikeleg med kokande vatn blir brukt, vil 1–3 nedkjølte krabbar ikkje senke vasstemperaturen nemneverdig.