Sjukdommen kan ramme oppdrettsnæringa hardt, men det har ikkje vore mange sjukdomsutbrot i Noreg dei siste åra. Sjukdommen reknast ikkje som ein stor trussel mot villfisken i Noreg.
Få tilfelle av BKD i Noreg
Ved utbrot vil Veterinærinstituttet i samarbeid med Mattilsynet gjennomføra smittesporing for å kartleggje smittekjelde og mogleg smitteoverføring til andre anlegg eller fiskegrupper.
Melding om sykdom på oppdrettsfisk og akvatiske dyr
Meld fra til Mattilsynet dersom det er
- grunn til mistanke om sykdom
- påvising av sykdom
- økt dødelighet på akvatiske dyr
Ring straks 22 40 00 00.
Send deretter skriftlig varsel på e-post (finn riktig adresse i vedlegg 1) eller bruk Mattilsynets skjematjeneste.
Om sykdommen
Bakteriell nyresjuke (BKD) er ein kronisk sjukdom som følgje av infeksjon med bakterien Renibacterium salmoninarum. Mattilsynet skal straks ha melding ved mistanke om sjukdommen.
Sjukdommen rammer berre laksefisk: laks, regnbogeaure, røye og harr.
Kan sjukdommen smitte til menneskjer?
BKD er ikkje farleg for menneske.