Dyrevernnemndene og lekmannsskjønn i arbeidet med dyrevelferd

Mattilsynet har lokale dyrevernnemnder med utnemnde lekpersonar, som deltek i arbeidet med dyrevelferd. Frå nyttår kan nemndene over heile landet få i oppdrag frå Mattilsynet å inspisere dyrehald med selskapsdyr og hobbydyr på eiga hand for å følgje opp bekymringsmeldingar.

Publisert

Lekmannsskjønnet i saker om dyrevelferd

Dyrevernnemndene kan ikkje avgjere om regelverket er brote, og dei kan heller ikkje avgjere korleis Mattilsynet skal reagere på regelbrot. Nemndene kan ikkje fatte enkeltvedtak, men skal bruke lekmannsskjønn og gjere seg opp ei meining om dyrevelferda på staden er i orden eller ikkje er i orden. Så er det opp til Mattilsynet å avgjere om det er regelbrot, og korleis Mattilsynet skal følgje opp regelbrotet.

Lekmannsskjønn er i denne samanhengen vurderingar som dyrevernnemnda gjer på bakgrunn av fornuft, etikk, kunnskap og haldningar, som er representative for ansvarlege personar med praktisk erfaring frå dyrehald. Vurderingane til nemndene skal gjenspeile korleis samfunnet meiner at dyr bør ha det.

Oppgåvene til dyrevernnemndene

Dyrevernnemndene er ein del av Mattilsynet. Det er Mattilsynet som organiserer nemndene og avgjer kva for saker dei skal delta i. At Mattilsynet skal ha dyrevernnemnder, og at nemndene skal bruke lekmannsskjønn i arbeidet med dyrevelferd, er fastsett i dyrevelferdsloven § 30 andre ledd.

Når Mattilsynet får ei bekymringsmelding om velferda for selskapsdyr eller hobbydyr, kan Mattilsynet sende ut dyrevernnemnda for å inspisere dyrehaldet på eiga hand. På slike inspeksjonar skal nemndene

  • observere korleis dyra har det
  • snakke med dyrehaldaren og få opplysningar om dyrehaldet
  • bruke lekmannsskjønn og gjere seg opp ei meining om dyrevelferda er i orden eller ikkje
  • vurdere kompetansen til dyrehaldaren
  • gi dyrehaldaren råd om hald av dyr
  • skrive ned fakta om dyrehaldet og vurderinga av dyrevelferda og kompetansen i eit skjema, som delast med dyrehaldaren
  • ta bilde og video for å dokumentere fakta
  • sende skjema, bilde og video til Mattilsynet, som vurderer og avgjer om det er regelbrot, og kva som eventuelt skal gjerast vidare i saka
  • ringe Mattilsynet i akutte og alvorlege tilfelle, slik at Mattilsynet kan fatte nødvendige vedtak om midlertidig forvaring og andre strakstiltak
  • gjennomføre vedtak om midlertidig forvaring ved å ta dyret eller dyra vekk frå dyrehaldet og plassere det eller dei ein trygg stad

Det skal alltid vere minst to medlemmer frå dyrevernnemnda med når nemnda inspiserer dyrehald på eiga hand. Dyrehaldaren har plikt til å sleppe nemnda inn til dyra og gi nemnda nødvendige opplysningar om dyrehaldet. Det er fastsett i dyrevelferdsloven § 18 og § 19.

Dyrevernemndene deltek også på inspeksjonar saman med Mattilsynet, særleg i saker om alvorlege og gjentakande brot på dyrevelferdsloven. Nemndene skal også da observere og vurdere sjølvstendig korleis dyra har det. Mattilsynet kan også trekke inn nemndene og lekmannsskjønnet i vurdering av tilfelle som nemndene ikkje har vore med å inspisere, og i anna arbeid med dyrevelferd.

Medlemmene i dyrevernnemndene

Å vere medlem i dyrevernnemnda er eit statleg verv, som vanlegvis gjeld for fire år om gongen. Mange av medlemmene har vervet i tillegg til vanleg jobb. Det er Mattilsynet som utnemner medlemmene. For å kunne bli utnemnd må du blant anna ha

  • kunnskap om og interesse for dyrevelferd
  • praktisk erfaring med hald av dyr
  • gode evner til å kommunisere med folk og dyr
  • kjennskap til korleis offentleg forvaltning fungerer

Regelverk

Dyrevelferdsloven § 18, § 19 og § 30

§ 18. Adgang til sted og plikt til å yte bistand

Tilsynsmyndigheten skal ha uhindret adgang til sted eller lokale der det er grunn til å tro at det holdes dyr eller foregår annen aktivitet omfattet av loven. Dersom tilsynsmyndigheten ikke gis uhindret adgang og det er grunn til å tro at dyr er utsatt for unødige påkjenninger eller belastninger, kan tilsynsmyndigheten om nødvendig likevel ta seg inn med politiets bistand. Politiet skal ha tilsvarende adgang når de er anmodet av tilsynsmyndigheten om å bistå. Utenlandske inspektører kan delta i inspeksjoner mv. når det er nødvendig for å ivareta Norges internasjonale forpliktelser.
Enhver som blir ført tilsyn med skal vederlagsfritt stille nødvendige lokaler, inventar, arbeidshjelp og redskaper til disposisjon for utøvelse av tilsynet og ellers være behjelpelig med å legge til rette for tilsynet.

§ 19. Opplysningsplikt, dokumentasjon og kontrolltiltak

Dyreholder og andre som har plikter etter denne loven, skal på anmodning fra tilsynsmyndigheten gi opplysninger, melding, rapporter, dokumentasjon og innsyn i dokumenter som har betydning for tilsynsmyndighetens kontroll med etterlevelse av loven eller bestemmelser gitt i medhold av loven. Andre som har relevant informasjon, skal på anmodning fra tilsynsmyndigheten gi nødvendige opplysninger.
Kongen kan gi nærmere forskrifter om innholdet i opplysnings- og dokumentasjonsplikten, og om plikt til å etablere og gjennomføre systematiske kontrolltiltak.

§ 30. Tilsyn og vedtak

Mattilsynet fører tilsyn og kan fatte nødvendige enkeltvedtak for å oppnå etterlevelse av bestemmelser gitt i eller i medhold av denne loven.
Mattilsynet oppnevner dyrevernnemnder for å ivareta lekmannsskjønnet i dyrevelferdsarbeidet. Nemndene er en del av Mattilsynet.
Kongen kan delegere myndighet til andre offentlige og private organer enn Mattilsynet og gi bestemmelser om hvem som er klageinstans i slike tilfeller.
Kongen kan gi nærmere forskrifter om utøving av tilsynet og om oppnevning, sammensetning og drift av tilsynsorganer.
Se heile lova

Kilde: Lovdata.no