Aktuelle tiltak ved påvising av afrikansk svinepest i Noreg
Ved påvising av afrikansk svinepest i Noreg vil Mattilsynet setje i verk strenge tiltak. Målet med tiltaka er å få bukt med sjukdommen og hindre at han spreier seg vidare. Tiltaka vil også få følger for deg som til vanleg ikkje jobbar med eller er i kontakt med svin.
Gjennom EØS-avtalen er vi bunde til å gjennomføre mange minimumstiltak som er felles for alle medlemslanda i EU/EØS. I tillegg kan Mattilsynet innføre andre tiltak som vi meiner er nødvendige for å få bukt med sjukdommen.
Infisert sone
Dersom afrikansk svinepest blir påvist på villsvin i Noreg, vil det mest sannsynleg bli innført ei infisert sone med ekstra tiltak. Om det blir innført ei infisert sone, kjem an på tettleiken av villsvin og tamme svin i det aktuelle området, geografiske forhold og andre risikofaktorar. Desse faktorane avgjer også kor stor sona blir, og kva tiltak som vil bli innførte i ho. Sidan villsvin bevegar seg over relativt store område, kan ei slik infisert sone dekke eit ganske stort område.
Vi innfører infisert sone for å fryse situasjonen og for å få tid til å skaffe oss oversikt over smitteutbreiinga. Det bidrar også til å hindre vidare smittespreiing. Når vi veit meir om smittesituasjonen, vil vi vurdere tiltaka på nytt, inkludert kor lenge dei skal vare.
Aktuelle tiltak i infisert sone ved påvising hos villsvin:
- forbod mot all jakt på alle dyreartar
- forbod mot jordbruksverksemd
- forbod mot ferdsel av folk, t.d. turgåarar, bærplukkarar, joggarar utanfor veg o.l.
- forbod mot å halde gris utandørs
- forbod mot å flytte svin
- forbod mot alle samlingar av svin
- forbod mot å fôre svin med høy, halm eller gras som er produsert i sona. Det same gjeld bruk av strø.
- organisert reduksjon av villsvinstammen i området
- førebyggande avliving av svin for å hindre smittespreiing
- opptrappa søk etter døde og sjuke villsvin (for registrering, innsamling, prøvetaking og destruksjon)
- inngjerding av heile eller delar av området
- bandtvang for hundar
- innsamling av informasjon om avlingar som er hausta i sona, inkluderte kvar desse er distribuerte
- inspeksjon av alle svinehald i sona for å sjå på helsetilstand og smitteverntiltak. Ekstra fokus på svinehald der personar i nærkontakt også er jegerar.
- prøvetaking av alle griser med feber i det smitta området
Mange av desse tiltaka vil også bli sette i verk ved påvising i svinehald i område med villsvin.
Restriksjonssone
Dersom det blir påvist afrikansk svinepest på tamme svin i Noreg, blir det straks innført ei restriksjonssone på minimum ti km rundt dyrehaldet med påvist smitte.
Aktuelle tiltak ved påvising hos tamme svin:
- avliving og destruksjon av alle svin i dyrehaldet
- vask og desinfeksjon av fjøs og eventuelle uteområde der svin har opphalde seg
- oppretting av sonar på minimum tre og ti km rundt det smitta dyrehaldet der det blir innført
- forbod mot alle samlingar av svin
- forbod mot å halde svin utandørs
- forbod mot all flytting av svin og produkt frå svin
- forbod mot å flytte gjødsel frå svin
- forbod mot å flytte utstyr som har vore i kontakt med svin
- inspeksjon av alle svinehald for å sjå på helsetilstand og smitteverntiltak. Ekstra fokus på svinehald der personar i nærkontakt også er jegerar.