Biepollen er eit animalsk biprodukt

Pollen (blomsterstøv) er ein del av dei hannlege reproduksjonseiningane til ein plante.

Publisert

Insektpollinerte plantar lokkar insekt til å frakte pollen frå plante til plante ved at insekta får ete noko av pollenet. Derfor inneheld pollen frå insektpollinerte plantar mykje protein og feitt som gjer pollenet attraktivt å ete for insekta og som er grunnen til at insekt samlar pollen.

Bier samlar pollen frå støvberarane til plantar og berikar det med nektar og enzym. Dette gjer at pollen held seg saman og dannar større korn som biene kan bringe til bikuben der dei bruker det til å mate avkommet sitt og lagre næring for dårlege tider. Birøktarane kan samle ein liten del av dette biepollenet idet bia flyg inn i kuben. Slikt biepollen er ei blanding av blomsterpollen, nektar, enzym og biesekresjonar og blir eit animalske biprodukt.