Rapport

Årsrapport 2021 for OK-programmet Importerte trelevende insekter

Rapporten skildrar resultat frå 2021-delen av eit overvakings- og kartleggingsprogram som blir gjennomført for å kunne respondere raskt dersom alvorlege skogsskadegjerarar blir introdusert til Noreg.

Publisert

Rapporten informerer også om beredskapslager av feller og luktstoff/attraktantar/feromon for innsamling av skadeinsekt i skog.

Kva blei undersøkt?

I 2021 undersøkte vi 20 lauvskoglokalitetar i sør-Noreg for symptom på åtak av nye, alvorlege skogsskadegjerarer. Skog rundt avfallsplassar og oppsamlingsplassar for trevirke og treemballasje var prioritert ut frå risiko for introduksjon. I tillegg har vi prøvd ut innsamlingsmetodar og etablert beredskapslager av luktstoff/attraktantar/ feromon for framtidig bruk ved innsamling av skadeinnsekt.

Tidsrom
2021
Kva leita vi etter?
  • Alvorlege skadegjerarar som hittil ikkje er observert i norsk skog.
  • Gode metodar for å samle inn aktuelle insekt, rask identifikasjon samt kunnskap om skadebilete på nye alvorlege skogsskadegjerarar som kan følgje med import av trelast og treemballasje til Noreg. 
Kva fann vi?
  • Ingen symptom eller funn av «nye» alvorlege skadeinsekt i skog.
  • To aktuelle insektsfeller som fungerte godt og som vi kan bruke i framtidig kartlegging
  • Effektiv metode for å henge insektsfeller opptil 5 meter over bakken i skogstre ved bruk av teleskopstang.
  • Luktstoff/attraktantar/feromon for eit breiare spekter av alvorlege skogsskadegjerar (trebukker, barkebiller, praktbiller mm) er samla inn, prøvd ut og lagt i beredskapslager på frys.
Kven utførte oppdraget?

NIBIO i samarbeid med inspektørar frå Mattilsynet

Fil
OK-rapport_ Importerte trelevende insekter 2021 (PDF)