Vil du bruke tekstar frå Mattilsynet?

Mattilsynet.no har mange tekstar som du gjerne kan spreie, så lenge du følger retningslinjene du finn her.

Fagleg oppdatert

Opphavsretten for alle tekstar på Mattilsynet.no tilhøyrer Mattilsynet. Du kan ikkje bruke tekstane i samanhengar der dei kan misforståast, mistolkast eller villeie. Du må oppgi oss som kjelde, og under ser du eksempel på korleis du kan gjere det.

Sitat

Viss du vil sitere frå ein tekst, bør du skrive det følgande i parentes etter sitatet:

(Tittel på teksten, nettadressa og datoen du gjenga teksten.)

Eksempel:

For at de som er allergiske skal finne ut om maten inneholder ingredienser de ikke kan spise, skal de 14 vanligste allergifremkallende ingrediensene (allergener) alltid merkes dersom de inngår i et produkt eller en rett. Dette gjelder både ferdigpakket og ikke-ferdigpakket mat som omsettes. (Slik skal allergenene merkes, mattilsynet.no/mat-og-drikke/merking-av-mat/allergener, 16.01.2023.)

Vidareformidling utan sitat

Viss du vil vidareformidle bodskapet utan direkte sitat, bør du skrive det følgande i parentes etter teksten din:

(Kilde: Mattilsynet, nettadressa og datoen du gjenga teksten.).

Eksempel:

Matprodukter skal alltid tydelig merke de 14 vanligste allergifremkallende ingrediensene for å hjelpe allergikere med å identifisere mulige farer. (Kilde: Mattilsynet, mattilsynet.no/mat-og-drikke/merking-av-mat/allergener, 16.01.2023.)

Publisering av heil tekst

Viss du vil publisere ein heil tekst, bør du skrive før eller etter teksten:

Denne artikkelen er kopiert frå [nettadressa] [dato].

Data

Sjå kva Mattilsynets API-er kan tilby.