Mattilsynets gebyr og avgifter
Stortinget har vedtatt at ein del av Mattilsynets utgifter skal finansierast av brukarane til tilsynet i form av gebyr.
- Ny gebyrforskrift
Frå 15. mai 2026 gjeld ny forskrift om gebyr til Mattilsynet. Forskrifta samlar alle gebyra som har til formål å dekke kostnader Mattilsynet har til saksbehandling, tilsyn og kontroll. Teksten er oppdatert med eit avsnitt om dette.
Inntektene frå gebyr går direkte til statskassa og blir ikkje disponerte av Mattilsynet. Mattilsynet baserer verksemda si på ordinære løyvingar over statsbudsjettet.
Gebyra skal spegle arbeidet som blir utført ved Mattilsynets tilsyn. Det er lagt til grunn at det over tid skal vere rimeleg samsvar mellom Mattilsynets utgifter på eit område og inntektene frå gebyr på dei same området.
Du finn informasjon om gebyra Mattilsynet krev inn på temasidene der dette er aktuelt.
Ny gebyrforskrift
Frå 15. mai 2026 gjeld forskrift om gebyr til Mattilsynet (lovdata.no). Forskrifta samlar alle gebyra som har til formål å dekke kostnader Mattilsynet har til saksbehandling, tilsyn og kontroll.
Mange av gebyra er ikkje endra, eller det er gjort justeringar for å forenkle og standardisere regelverket. Dei største endringane er gjort i
- Gebyr for særskilde ytingar (søknadsbehandling, utferding av sertifikat o.l.)
- Alle desse gebyra har fått faste satsar, dvs. eit beløp som ikkje kan bli endra. Storleiken på gebyra er om lag som før, med nokre få unntak.
- Det er innført nokre nye gebyr, dei fleste for søknadsbehandling knytt til grensekontroll.
- Gebyr for tilsyn og kontroll med akvakulturanlegg.
- Alle desse gebyra har òg fått faste satsar, og satsane er auka for betre å spegle kostnadene til tilsyn og kontroll. Kven som er gebyrpliktig og kva for aktivitetar som utløyser gebyr, er som før.