Trikinar
Trikinar (Trichinella spiralis) er ein parasitt som kan gi sjukdommen trikinose. I Noreg finst trikinar berre sporadisk hos husdyr. Blant viltlevande dyr i Noreg, er det derimot kjent at trikinar finst. Ein kan derfor ikkje avvise at det også kan finnast trikinar i viltkjøtt.
Noreg har ein omfattande kontroll av trikinar. Kvart einaste slakt av svin og hest blir undersøkt for trikinar i kjøttet. Det skal også gjerast på alt oppdrettsvilt som kan bli smitta av trikinar. Villsvin og bjørn som skal omsetjast som mat for menneske, skal også undersøkjast av Mattilsynet. Mattilsynet oppmodar jegerar til å få undersøkt alt slikt vilt, også det som skal konsumerast privat.
Trikinar blir vanlegvis drepne ved frysing (-20º i 2 veker) og varmebehandling (68º), men fryseresistente trikinar kan finnast i arktiske strøk.
Lenkjer til andre
Trikinar – om parasitten (vetinst.no)
Norsk raudrev har ofte trikinar, men mindre skabb enn før (vetinst.no)