Probiotika til barn under eitt år
På bakgrunn av risikovurderingar utført av Vitenskapskomiteen for mat og miljø (VKM), har Mattilsynet gjort vedtak om forbod mot omsetning av visse barnematprodukt til barn under eitt år inneholdande probiotika.
- Risikovurdering av Bifidobacterium breve M-16V og retningslinjer for risikovurdering av probiotiske produkt
Saka er oppdatert med ei risikovurdering av Bifidobacterium breve M-16V frå Vitenskapskomiteen for mat og miljø (VKM).
Bakgrunnen for dette er VKM sin konklusjon om at vi veit for lite om langtidseffektane ved langvarig bruk av probiotika til denne gruppa.
Veit for lite om probiotika til små barn
VKM gjennomfører uavhengige, vitskaplege risikovurderingar for Mattilsynet i tilfelle som har med trygg mat å gjere. Dei har blant anna publisert fleire risikovurderingar om probiotika. I desse rapportane konkluderer dei med at vi veit for lite om kva effektar store mengder av ein spesiell bakteriestamme over lengre tid, kan ha på små barn. Dette kjem av at bakteriefloraen i tarmen ikkje er fullt ut etablert og immunsystemet ikkje ferdig utvikla.
Samtidig er det slik at alle bakteriestammar er ulike og har ulike eigenskapar. Kvar og ein bakteriestamme må derfor vurderast separat.
På bakgrunn av VKM sine konklusjonar i dei aktuelle risikovurderingane, har Mattilsynet funne det nødvendig å gjere vedtak om at visse barnematprodukt til barn under eitt år, som inneheld dei aktuelle bakteriestammane, ikkje kan omsettast på den norske marknaden.
Ikkje same konklusjon for eldre barn og vaksne
Konklusjonane frå VKM gjeld for produkt berekna til sped- og småbarn, og ikkje for produkt som er tenkte brukte av eldre barn og vaksne der ein reknar med at fordøying og immunforsvar er modent. Konklusjonane omfattar heller ikkje produkt som er meinte til bruk i behandling av ein sjukdom der produktet berre skal brukast over ein kortare periode.
VKM skriv likevel i rapporten sin omhandlande LGG, at LGG ikkje er eigna til å inngå i barnemat berekna til friske småbarn eldre enn eitt år viss maten er berekna til bruk fleire gonger dagleg.
Kva er probiotika?
Probiotika er ein spesiell type levande tarmbakteriar, vanlegvis mjølkesyrebakteriar, som er ein naturleg del av tarmane våre. Bruken av probiotika har auka kraftig dei siste åra på grunn av dei antatte positive effektane på helse. Probiotika blir stadig introdusert til nye brukargrupper, blant anna til små barn.
Helsepåstandar om probiotika
Ei rekke påstandar om probiotika er vurdert og har fått avslag i EU.
Les meir på sidene om ernærings- og helsepåstandar.
VKM sine risikovurderingar
VKM har gjennomført fleire risikovurderingar om probiotika. Ei kort oppsummering av VKMs risikovurderingar finn du nedanfor.
Bifidobacterium breve M-16V
Bakteriestammen Bifidobacterium breve M16V er vurdert av VKM. Rapporten konkluderer med at det ikkje er påvist kortsiktige negative helseeffektar ved bruk av morsmelkerstatning tilsett denne bakteriestammen, men at det manglar tilstrekkeleg og uavhengig dokumentasjon til å vurdere eventuelle langtidsverknader. På grunn av avgrensa forsking og stor usikkerheit kan ein derfor verken slå fast positive helseeffektar eller fullt ut vurdere risikoen for negative helseeffektar hos spedbarn.
Risk assessment of probiotics in infant formula - Vitenskapskomiteen for mat og miljø
Lactobacillus paracasei ssp. paracasei F19
Bakteriestammen Lactobacillus paracasei ssp. paracasei F19 er vurdert av VKM. Rapporten konkluderer med at det ikkje er tilstrekkeleg dokumentasjon for å hevde at den aktuelle bakteriestammen har positive helseeffektar, og det er derfor ikkje vist at F19 har probiotisk effekt. Da det heller ikkje finst relevante studiar av den aktuelle bakteriestammen hos barn som omhandlar negative helseeffektar, kan ikkje dette vurderast.
Bifidobacterium lactis Bb12
Rapporten frå VKM konkluderer med at det for spedbarn er usikre helseeffektar av langvarig dagleg tilførsel av den aktuelle bakteriestammen, Bifidobacterium lactis Bb12. Spedbarn er i ein umoden og sårbar fase når det gjeld etablering av bakterieflora i tarmen og utvikling av immunsystemet. Dei vil derfor også vere dei gruppene med høgast risiko for eventuelle negative helseeffektar frå eit dagleg inntak av den aktuelle bakteriestammen.
Lactobacillus rhamnosus GG (LGG)
Per i dag finst det ikkje tilstrekkeleg med data som støttar ein positiv effekt ved bruk av LGG i morsmjølkerstatning/tilskotsblanding og barnemat når desse produkta blir brukte dagleg og ofte fleire gonger dagleg - verken for produkt meinte til friske spedbarn eller for produkt som er klassifiserte som næringsmiddel til medisinske formål. VKM meiner også at dei data som finst når det gjeld sikkerheit, ikkje er tilstrekkeleg til å kunne anbefale bruk av LGG i denne typen produkt når produkta er tenkte brukte dagleg.
Ny vurdering av LGG i barnemat (vkm.no)
Rapportar frå Vitenskapskomiteen for matt og miljø
Mattilsynet ber Vitenskapskomiteen for mat og miljø om risikovurderingar av produkt som er berekna på sårbare grupper som små barn og gravide.
For å lette arbeidet til produsentane, Mattilsynet og VKM, har VKM utvikla retningslinjer for risikovurdering av probiotiske produkt.
Risk assessment of probiotics in infant formula - Vitenskapskomiteen for mat og miljø
Morsmelkerstatninger og barnemat tilsatt Lactobacillus rhamnousus strain GG (LGG) (vkm.no)
Retningslinjer for risikovurdering av mat som inneholder probiotika (vkm.no)