Definisjonar av næringsstoff
Tabellen viser kva næringsstoff som er i Matvaretabellen, og informasjon om utrekning av næringsstoffa.
Namn på næringsstoff | Definisjon/ utrekningsmetode | Næringsstoffkode frå EuroFIR |
---|---|---|
Energi | Energiinnhaldet visast i kilojoule (kJ) og kilokaloriar (kcal). Energiinnhaldet er rekna i henhold til Matinformasjonsforordninga, med desse omrekningsfaktorane: 1 g fett = 37 kJ eller 9 kcal | ENERCJ/ENERCC |
Feitt | I Matvaretabellen er det verdiar for: total mengde feitt Enkeltfeittsyrer
Feittsyrer utgjer vanlegvis 90-95 % av feittinnhaldet, men i enkelte matvarer kan denne delen vere mykje lågare. Resten av feittet består av glyserol, men òg noko kolesterol, plantesterol og fosfolipid. Difor kan det vere skilnad i mengde totalfeitt og mengde feittsyrer i ei matvare. Det er viktig å vere merksam på at dei publiserte verdiane for feittsyrer er eit utval av enkeltfeittsyrer i matvarene, ikkje ein fullstendig feittsyreprofil. Summen av enkeltfeittsyrene vil vere lik eller lågare enn summen av metta, einumetta og fleirumetta feittsyrer eller sum omega 3/ omega 6-feittsyrer. Det er difor heller ikke alltid samsvar mellom summen av enkeltfeittsyrene og summen av metta, einumetta og fleirumetta feittsyrer. | FAT FASAT FATRS FAMS FAPU FAN3 FAN6 F12:0 F14:0 F16:0 F18:0 F16:1 F18:1 F18:2CN6 F18:3N3 F20:3N3 F20:3N6 F20:4N3 F20:4N6 F20:5N3 F22:5N3 F22:6N3 |
Kolesterol | CHORL | |
Karbohydrat | Karbohydrat vert rekna som summen av stivelse og sukkerartar. Ver merksam på at andre kjelder kan rekne karbohydrat via differanse, det vil seie at karbohydrat = 100 – (vatn, feitt, protein, alkohol, kostfiber og oske). Karbohydrat rekna ved differanse vert ofte noko høgare enn karbohydrat rekna som summen av stivelse og sukkerartar. | CHO |
Sukkerartar | Sukkerartar (mono- og disakkarid) omfattar naturleg førekomande glukose (druesukker), fruktose (fruktsukker), laktose (mjølkesukker), maltose (maltsukker) og farin/sukker (sukrose) eller anna sukker som er tilsett under bearbeiding og matlaging. | SUGAR |
Stivelse | STARCH | |
Tilsett sukker | Verdiane for tilsett sukker omfattar raffinert eller industrielt framstilt sukker i form av glukose, fruktose, laktose, maltose, sukrose, glykosesirup og andre hydrolyserte stivelsesprodukt som glukosesirup og høgfruktosesirup, som er tilsett under industriell produksjon eller ved tillaging heime. Naturleg førekomande sukkerartar i frukt, grønsaker og mjølk vert ikkje rekna som tilsett sukker. | SUGAD |
Fritt sukker | Verdiane for fritt sukker omfattar tilsett sukker og sukkerartar som naturleg førekjem i honning, sirup, fruktjuice og fruktjuicekonsentrat. | SUGAN |
Kostfiber | Kostfiber er ikke rekna med i karbohydrat. Verdiane for kostfiber er basert på ulike definisjonar av kostfiber, avhengig av når verdien er frå. Frå 2015 er dei norske analyseverdiane basert på metodane AOAC 2009.01/AOAC 2011.25. Desse metodane inkluderer både høgare og lågare molekylvektfraksjonar. Eldre analyseverdiar og dei fleste verdiane som er lånt frå andre er basert på eldre definisjonar av kostfiber som til dømes AOAC 985.29 og AOAC 991.43. Desse metodane inneheldt færre fiberfraksjonar. For enkelte matvaregrupper vil fiberverdien derfor vere noko lågare for desse enn dei som er basert på den nyaste analysemetodane. | FIBT |
Protein | Innhaldet av protein er rekna ut frå analysert innhald av nitrogen. Utrekningsfaktoren frå nitrogen til protein varierer med matvaras samansetning av aminosyrer:
| PROT |
Alkohol | Ved merking av alkoholhaldig drikke er innhaldet av alkohol vanlegvis gjeve som volumprosent. I Matvaretabellen er innhaldet av alkohol rekna om til vektprosent, det vil seie gram pr. 100 g drikk. For øl, vin og anna alkoholhaldig drikke med omtrent same eigenvekt som vatn, det vil seie 1, er vektprosenten berekna som 0,8 gonger volumprosenten. Likør og søt vermouth har ein høgare eigenvekt, på 1,1 og 1,05 grunna sukkerinnhaldet. Rein sprit har eigenvekt 0,95. | ALC |
Vitamin A | Det er to utrekningsmetodar for vitamin A i Matvaretabellen. Vitamin A (RAE) reknast som summen av retinol + 1/12 betakaroten, med eininga retinolaktivitetsekvivalenter (RAE). NB: Begge utrekningane av vitamin A inkluderer berre retinol og betakaroten, ikkje andre karotenoid som α-karoten og β-kryptoxantin. | VITA RETOL CARTB |
Vitamin E | Vitamin E reknast som alfatokoferolekvivalentar (mg-TE). Det finst fleire vitamin E-sambindingar (tokoferol og tokotrienol), men det er berre alfatokoferol som har vitamin E-aktivitet. | VITE |
Vitamin D | VITD | |
Vitamin B1/ tiamin | Verdiane for tiamin er gjevne som tiaminhydroklorid. | THIA |
Vitamin B2/ riboflavin | RIBF | |
Vitamin B3/niacin | Nikotinsyre + nikotinamid | NIA |
Niacinekvivalentar | Niacinekvivalentar er rekna som summen av preformert niacin og niacinaktiviteten frå aminosyra tryptofan. 60 mg tryptofan gjev same vitaminaktivitet som 1 mg niacin. Innhaldet av tryptofan varierer med kva type protein matvaren inneheld. Følgjande faktorar er brukt ved utrekning av niacinekvivalentar: Proteinkjeld / Innhald av tryptofan | |
Vitamin B6 | Pyridoksin + pyridoksal + pyridoksamin | VITB6 |
Folat | Folsyre + derivat av folsyre | FOL |
Vitamin B12 | VITB12 | |
Vitamin C | Vitamin C reknast som summen av askorbinsyre og dehydroaskorbinsyre. Enkelte verdiar som er lånt frå andre matvaretabellar kan berre innehalde askorbinsyre. | VITC |
Natrium Salt | Salt blir rekna som (natrium x 2,5)/1000 Det kan vere stor variasjon i kor mykje salt som vert tilsett under industriell produksjon og ved matlaging. Natrium- og saltverdiane for tillaga rettar og samansette matvarer er difor usikre. | NA NACL |
Kalsium | CA | |
Jern | Jern (Fe) finst både som hemjern og ikkje-hemjern i matvarer. Verdiane for jern i Matvaretabellen omfattar begge formene. | FE |
Kalium |
| K |
Magnesium |
| MG |
Sink |
| ZN |
Selen |
| SE |
Kobber |
| CU |
Fosfor |
| P |
Jod | ID |
Les meir om næringsstoffa i maten (Helsenorge.no)
Bruk av «plantebasert» og andre vegetarrelaterte omgrep
I Matvaretabellen nyttast inntil vidare omgrepet «plantebasert» for matvarer som har same bruksområde som meieri- og kjøtprodukt. Både dette omgrepet og andre vegetarrelaterte omgrep er under utgreiing, og Matvaretabellen vil bli oppdatert med nye namn på matvarer og matvaregrupper når omgrepa er avklart.
Bruk av Anbefalt dagsinntak i Matvaretabellen
I Matvaretabellen kan ein sjå kor mykje ei matvare bidreg til anbefalt dagsinntak av vitamin og mineral. Verdiane for anbefalt dagsinntak er henta frå Helsedirektoratets referanseverdiar for inntak av næringsstoff (helsedirektoratet.no). I Matvaretabellen omfattar anbefalt inntak både anbefalt inntak (RI) og adekvat inntak (AI).
Andre presiseringar om dataene
Vi gjer merksam på at Matvaretabellen omtalar matvarekategoriar. Det er verksemdenes ansvar at dei konkrete produkta merkast og marknadsførast i tråd med dei til kvar tid gjeldande reglar for bruk av ernærings- og helsepåstandar samt matinformasjon om, og marknadsføring av, næringsmiddel.
I Matvaretabellen nyttast inntil vidare omgrepet «plantebasert» for matvarer som har same bruksområde som meieri- og kjøttprodukt. Både dette omgrepet og andre vegetarrelaterte omgrep er under utgreiing, og Matvaretabellen vil bli oppdatert med nye namn på matvarer og matvaregrupper når omgrepa er avklart.
Klassifisering
Matvaretabellen inneheld to typar klassifisering av matvarer – LanguaL-kodar og vitskaplege namn. Du finn LanguaL-kodane og vitskaplege namn i fana Klassifisering i den blå boksen som kjem opp når du klikkar på ei matvare i Matvaretabellen. Alle matvarene har LanguaL-kodar. LanguaL er ein europeisk klassifiseringsstandard for matvarer. Alle matvarer som er råvarer er klassifisert med vitskapleg (latinsk) namn.