Mattilsynet ønsker oppdaterte næringsstoffdata til Matvaretabellen

Fagleg oppdatert

Matvaretabellen er ein matvaredatabase som viser innhaldet av energi og næringsinnhald i matvarer. Dataene kjem frå fleire kjelder, som Mattilsynets eigne analysar og data som matindustrien leverer. No er det opna for at matindustrien kan levere data til årets versjon av Matvaretabellen. 

Informasjon om næringsinnhald i matvarer er viktig for mange grupper i samfunnet. Matvaretabellen brukast av forbrukarar, matindustrien, utdanningssektoren, forskarar og fagfolk innan ernæring og helse. Dataene i Matvaretabellen brukast òg i kostberekningsverktøyet Kostholdsplanleggeren, og inngår som del av datagrunnlaget i dei nasjonale kosthaldsundersøkingane. 

Det er frivillig å levere data til Matvaretabellen. 

Levering av næringsstoffdata til Matvaretabellen 

Mattilsynet kan ta imot både analyseverdiar og berekna verdiar. Om mogleg ønsker vi òg informasjon om kva for næringsstoff som er berika. Sjå kravspesifikasjonen for meir informasjon om krava våre. 

Du kan sende data til Matvaretabellen på e-post til matvaretabellen@mattilsynet.no

Frist for å levere data til årets versjon av Matvaretabellen er 1. oktober.  

Format for innsending av data er valfritt, men du kan bruke denne malen (ODS) om du ønsker det. 

Om Matvaretabellen 

Matvaretabellen.no tilbyr kvalitetssikra data om innhald av energi og næringsstoff i matvarer. Tabellen inneheld data om 50 næringsstoff i om lag 2000 matvarer. Det publiserast ein ny versjon av Matvaretabellen årleg. Mattilsynet eig og driftar Matvaretabellen. Les meir her: Matvaretabellen 

Matvaretabellen brukast blant anna av forbrukarar, matindustrien, matforvalting, utdanningssektor, fagfolk innan ernæring og helse og forskarar. Dataene i Matvaretabellen brukast òg i kostberekningsverktøyet Kostholdsplanleggeren og inngår som del av datagrunnlaget i dei nasjonale kosthaldsundersøkingane. 

Hovudkjelder til dataene 

  • Mattilsynets analysar av matvarer 
  • Data levert av matindustrien 
  • Data som er rekna ut, til dømes frå oppskrifter 
  • Lån av data frå andre lands matvaretabellar eller frå eksterne analyseprosjekt 

Utvalet av matvarer i Matvaretabellen 

Utvalet av matvarer i Matvaretabellen skal spegle det som finst på den norske marknaden. Det er både råvarer, rettar som er rekna ut frå oppskrifter og industriframstilte matvarer. Dei fleste matvarene er generiske, men for nokre matvaregrupper inkluderer vi produktnamn eller produsentnamn i matvarenamnet. 

Desse matvaregruppene inkluderast ikkje i Matvaretabellen 

  • Matvarer som har vore på marknaden i mindre enn eitt år 
  • Matvarer som ikkje vert seld i daglegvarebutikkar 
  • Medisinske næringsmiddel