Import av CBD-oljer og andre hampprodukt til Noreg
CBD som er ekstrahert frå cannabisplanta (overjordiske delar, med unntak av frø) er definert som narkotika, uavhengig av THC-innhaldet. Det er ikkje tillate med narkotika i kosmetikk. Produkt med CBD-ekstraktar frå planta (unntatt frø) vil dermed vere ulovlege. Syntetisk framstilt CBD er tillate i kosmetiske produkt, så lenge visse kriterium er oppfylte.
Produkt som inneheld stoff eller planter som er oppførte på narkotikalista, er å rekne som narkotika etter narkotikaforskrifta. Forskrifta er heimla i legemiddellova og blir forvalta av Direktoratet for medisinske produkt (DMP).
Cannabisplanta Cannabis sativa (hamp) inneheld fleire ulike cannabinoid, slik som cannabidiol (CBD) og tetrahydrocannabinol (THC).
Alle ekstrakt frå cannabisplanta er regulerte av FNs narkotikakonvensjon og narkotikaforskrifta, uavhengig av THC-innhaldet i ekstraktet. CBD som er ekstrahert frå cannabisplanta, er definert som narkotika. Produkt med CBD-ekstrakt frå planta (unntatt frø) vil dermed vere ulovlege (jf. narkotikalovgivinga).
Det er ikkje tillate med narkotika i kosmetikk, jf. definisjonen i kosmetikklova paragraf 2 og forskrift om kosmetikk- og kroppspleieprodukt, med tilvising til FNs narkotikakonvensjon frå 1961. Det er heller ikkje tillate i næringsmiddel, jf. definisjonen av næringsmiddel i matlovforskrifta (jf. artikkel 2 i forordning (EF) nr. 178/2002, "Food Law"). Produkt med narkotiske stoff fell utanfor Mattilsynets forvaltingsområde.
Syntetisk framstilt CBD er tillate i kosmetiske produkt dersom visse krav i kosmetikkregelverket er oppfylte, slik som føresegner om trygg bruk, korrekt merking og fråvær av villeiande påstandar. Det er framleis lite som er kjent om kor trygt det er med CBD i kosmetiske produkt, og sikkerheitsvurdering av stoffet held framleis fram i EU.
Direktoratet for medisinske produkt (DMP) har ansvaret for regelverket om narkotika og legemiddel. Les meir om CBD og cannabisplanta hos DMP her: