Klagesak

Avslag på driftsplan omgjort av Nærings- og fiskeridepartementet fordi vedtaket var for inngripande

Regionen avslo driftsplansøknad av omsynet til fiskehelsa, fordi dei meinte avstanden mellom brakkleggingsgruppene var for kort. Klagesakseininga stadfesta dette avslaget. Etter krav om omgjering, kom departementet til at vedtaket var for inngripande. 

Publisert
Avgjort dato
Saksnummer
2020/212807
Resultat
Opphevet

Bakgrunn

Regionen avslo 11. februar 2021 søknad om godkjenning av driftsplan for lokaliteten. Bakgrunnen for avslaget var lite gunstig sonestruktur og koordinert brakkleggingsperiode. Av omsyn til å førebyggje overføring av dyresjukdomen ILA meinte regionen det var nødvendig å avslå søknaden. Klagesakseininga stadfedsta vedtaket i 5. juli 2021. Etter krav om omgjering, oppheva departementet Mattilsynet sitt vedtak, og godkjente søknad om driftsplan for 2021-2022

Vurdering

Departementet stadfesta at Mattilsynet etter akvakulturdriftsforskriften § 40 sjette ledd andre setning har heimel til å nekte godkjenning av driftsplanar, dersom omsynet til fiskehelse på lokaliteten eller i eit område nødvendiggjer det. Men dette må vera ut i frå ei konkret, skjønnsmessig heilskapsvurdering av risikoen for smittespreiing for det enkelte tilfellet. Departementet meinte Mattilsynet hadde begrunna avslaget i ei føre var-tilnærming basert på tidlegare ILA-utbrot, utan at det var gjort ei konkret risikovurdering ved dei aktuelle lokalitetane. 

Samtidig understreka departementet at det er viktig å etablere ein hensiktsmessig brakkleggingsstruktur i området som i større grad ivaretek fiskehelsa og -velferden. På grunn av dei store konsekvensane avslaget ville medføre, kom departementet til at dei økonomiske ulempene for verksemda vog tyngre enn risikoen for overføring av smitte i dette tilfellet, og vedtaket vart samla sett uforholdsmessig jf. forvaltningsloven § 35 første ledd bokstav a) 

Konklusjon

Departementet omgjorde vedtaket fordi det hadde så store økonomiske konsekvensar for verksemda at dei kom til at vedtaket vart uforholdsmessig.

Be om innsyn i saken via einnsyn 2020/212807

Regelverk

Matloven - matl

Akvakulturdriftsforskriften