Rutine og prosedyre
Orda rutine eller prosedyre blir brukt litt om kvarandre, og ulike fagmiljø kan gje dei litt ulikt innhald.
Her brukar vi rutine om handlingar som er etablert som ordinær praksis utan at dette er nedfelt skriftleg nokon stad. Altså rett og slett ein vanleg måte å handle på. Prosedyre brukar vi på handlingar som skal skje i ein bestemt situasjon, som er omtala skriftleg og relativt detaljert og utgjer ein del av verksemda sitt dokumenterte internkontrollsystem. Begge delar inngår i styringssystemet til verksemda, men prosedyrane er altså formaliserte og dokumenterte. Vi skal kome litt nærmare inn på behovet for dokumenterte prosedyrar.