Godkjenning og utviding av akvakulturanlegg: to-trinns prosess og krav til søknaden
Skal du etablere eit nytt akvakulturanlegg eller gjere fysiske endringar på eit eksisterande, må du gjennom ein godkjenningsprosess i to trinn.
I trinn ein klarerer Mattilsynet anlegget. I trinn to godkjenner vi det, men først etter at anlegget er klart til bruk og vi har inspisert det. Mindre endringar, som auka biomasse, blir behandla i eitt trinn.
Søknad sendes via Fiskeridirektoratets nettside: Tildelingsprosessen for akvakulturtillatelser (fiskeridir.no)
Trinn 1: Klarering av lokalitet
I trinn ein vurderer vi den geografiske plasseringa, utforminga av anlegget og risiko for smittespreiing og dårleg velferd.
Vi gjer vedtak om klarering etter dyrehelseregelverket og godkjenning etter dyrevelferdsregelverket. Dersom vi gjer vedtak om avslag for eitt av regelverka, blir heile søknaden avslått.
For søknader som gjeld mindre endringar, gjer vi også vedtak om godkjenning etter dyrehelseregelverket på dette trinnet.
Kva søknaden skal innehalde
Søknaden skal innehalde informasjon om:
- namn og adresse til driftsansvarlege
- plassering og skildring av anlegget og lokala
- artar, kategoriar og mengder av akvakulturdyr som er relevante for godkjenninga
- type akvakulturanlegg
- vassforsynings- og avløpssystem
- biosikkerheitstiltak
- avstand til andre akvakulturanlegg og aktivitetar i området
- vassutskifting
- korleis omsynet til dyrevelferd skal varetakast
- internkontroll og beredskap
For akvakulturanlegg som flyttar dyr til utsett eller slakting, krev akvabiosikkerhetsforskriften i tillegg:
- biosikkerheitsplan
- dokumentasjon på at lokale og utstyr i tilstrekkeleg grad avgrensar risikoen for å innføre eller spreie sjukdom, og at dei har tilstrekkeleg kapasitet
Trinn 2: Godkjenning av anlegg før drift startar
Når anlegget er ferdigstilt, inspiserer Mattilsynet lokaliteten og vurderer forholda opp mot klareringa frå trinn ein.
Merk: Du må varsle Mattilsynet minst éin månad før anlegget er planlagt tatt i bruk. Send melding til postmottak@mattilsynet.no med:
- nummer og namn på lokalitet
- oppdatert biosikkerheitsplan, internkontrollsystem og beredskapsplan
- oppdatert informasjon om lokale og utstyr
- eventuelle andre endringar
Dersom det har oppstått endra forhold knytt til smitterisiko etter klareringa, må biosikkerheitsplan, internkontrollsystem og beredskapsplan vere oppdaterte før godkjenning kan givast.
Etter inspeksjon gjer Mattilsynet vedtak om godkjenning eller avslag. Mattilsynet kan gi inntil seks månaders vilkårsbunden godkjenning for å utbetre mindre manglar.