Til hovedinnhold

Kombinasjonsbehandlingar med ulike legemidlar mot lakselus må vere forsvarlege

Sjølv om det ikkje er generelt forbod mot å kombinere ulike preparat mot lakselus, må den som føreskriv legemiddel kunne vise at legemiddelbruken er forsvarleg med omsyn til mattryggleik, dyrevelferd, effekt og miljøpåverknad.

Publisert

Behandlingseffekten mot lakselus er ikkje det einaste som avgjer om legemiddelbruken er forsvarleg.

Dyrehelsepersonell som føreskriv legemiddel i avvikande doseringar eller i kombinasjon med andre legemiddel, må også ha kunnskap og vurdere verknader og biverknader for mattryggleik, dyr og omkringliggjande miljø.

Kombinasjonar er ikkje del av godkjenningsprosessen og preparatomtalen

I godkjenningsprosessen gjer Direktoratet for medisinske produkter ei brei vurdering der det blir teke omsyn til både mattryggleik, brukaromsyn, dyrevelferd, miljø og effekt.

Bruk beskrive i preparatomtalen er godt dokumentert i godkjenningsprosessen og blir derfor rekna som forsvarleg.

Direktoratet for medisinske produkter gjer ingen vurderingar av kombinasjonsbruk av lusemiddel. Kombinasjonsbruk blir heller ikkje omtalt i preparatomtalen.

Må søkje løyve for forsøk og utprøving

Vesentlege avvik frå preparatomtalen eller kombinasjonar av legemiddel skal vere godt fagleg forankra. Personlege erfaringar frå uformelle utprøvingar er ikkje tilstrekkeleg.

Dersom det ikkje finst annan dokumentasjon, må dyrehelsepersonen vurdere å gjennomføre formelle forsøk for å kunne bruke det forsvarleg.

Skal det gjennomførast forsøk og klinisk utprøving av legemiddel, må den ansvarlege søkje om løyve frå Mattilsynet og Direktoratet for medisinske produkter etter gjeldande regelverk.

Tilsyn med fiskehelsepersonells forskriving

Utfordringane med lakselus i oppdrettsnæringa utfordrar også legemiddelpraksisen til dyrehelsepersonellet. Bruk av ulike kombinasjonar av legemiddel er vanleg i oppdrettsnæringa.

Mattilsynet er særleg bekymra for om det blir nok lagt vekt på omsynet til omkringliggjande miljø og dyrevelferd.

Mattilsynet fører derfor tilsyn med dyrehelsepersonell sin forskriving av legemiddel til fisk.

Regelverk

Dyrehelsepersonelloven