Til hovedinnhold

Infeksiøs hematopoetisk nekrose (IHN)

IHN aldri påvist i Noreg

Diagnosen har ikkje vore påvist i Noreg.

Restriksjonar i form av vedtak frå Mattilsynet om utslakting eller destruksjon og brakklegging vil vere aktuelle ved mistanke eller påvising av IHN.

Varsle om listeført sykdom på oppdrettsfisk og andre akvatiske dyr

Mattilsynet skal varsles med en gang ved:

  • grunn til mistanke om listeført sykdom
  • påvising av listeført sykdom
  • økt dødelighet på akvatiske dyr

Ring straks 22 40 00 00.

Send deretter skriftlig varsel på e-post (finn riktig adresse i denne listen), eller sekundært bruk Mattilsynets skjematjeneste. 

Mattilsynets skjematjeneste

Om sjukdommen

Infeksiøs hematopoetisk nekrose er ei samnemning for fleire alvorlege og smittsame virusinfeksjonar som kan ramme regnbogeaure og annan laksefisk. Dette er ein liste 2-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om IHN skal straks meldast til Mattilsynet.

 

Symptom

Namnet IHN har samanheng med at sjuk fisk gjerne er karakterisert ved omfattande celledød i bloddannande vev. Viktige kliniske teikn er i første omgang ofte nervøs og uroleg fisk som etter kvart blir sløv. Auga blir utståande med blødningar omkring (auga) i hud og muskulatur. Buken kan vere utspilt med væske.  

Korleis smittar sjukdommen?

IHN kjem av eit Rhabdovirus og har først og fremst vore eit problem i ferksvannsoppdrett med yngel og settefisk av regnbogeaure, men det finnest og tilfelle med funn på atlantisk laks i sjøen.