Furunkulose
Klassisk furunkulose er ein smittsam bakterieinfeksjon som kan ramme laksefisk både i sjø og ferskvatn.
Klassisk furunkulose er ein smittsam bakterieinfeksjon som kan ramme laksefisk både i sjø og ferskvatn.
Du har varslingsplikt dersom du jobber i oppdrettsselskap, i fiskehelsetjeneste, på Veterinærinstituttet, på Havforskningsinstituttet, andre laboratorier, ved slakteri, med transport av fisk og andre fartøy i kontakt med fisk.
Det dukkar opp enkelte utbrot med furunkulose med ujamne mellomrom, men sjukdommen er ikkje rekna som eit problem i norsk lakseoppdrett. Sjukdommen vart sist avdekka i to oppdrettsanlegg og på reinsefisk i 2022, men ikkje på vill laksefisk.
Furunkulose er ein listeført kategori F-sjukdom. Førekomst av eller mistanke om furunkulose hos akvatiske dyr skal straks meldast til Mattilsynet. Ved fastsetjing av ny dyrehelseforskrift i 2022 blei meldeplikt for furunkulose ved ein feil avgrensa berre til laksefisk. Det riktige er at meldeplikta for furunkulose skal gjelde for alle akvatiske dyr, blant anna og reinsefisk.
Eit vanlegt symptom er at fisken får sår og byllar (furunklar) i huda.
Furunkulose ser vi oftast i periodar på året der temperaturen kjem over 10 grader i vatnet. Sjukdommen smittast vanlegvis frå fisk til fisk (horisontal smitte).