Vi bruker informasjonskapslar

Nødvendige informasjonskapslar gjer at nettsidene våre fungerer som dei skal, og at du får informasjonen du treng. I tillegg har vi éin valfri informasjonskapsel. Denne gjer at vi kan sjå kor brukarane våre klikkar og bevegar seg på nettsidene. Vi bruker ikkje informasjonskapslar til marknadsføring, og alle data er anonyme.

Les meir om informasjonskapslar

Godkjenning av fartøy som slaktar oppdrettsfisk til animaliebiprodukter

Animalske biprodukt er ikkje berekna på konsum. Slaktefartøy skal godkjennast for handtering av animalske biprodukt viss dei ikkje er godkjende for mat. For å vareta omsynet til fiskehelse og fiskevelferd må båten i tillegg godkjennast som slakteri.

Fagleg oppdatert

Fartøy som slaktar, kvernar og ensilerer oppdrettsfisk til animalske biprodukt skal godkjennast som mellomliggjande anlegg.

Ved godkjenning blir fartøyet eller verksemda

  • tildelt eitt godkjenningsnummer per biproduktkategori som blir handtert og/eller blir lagra. Dette er ikkje til hinder for at fartøyet kan transportere ulike kategoriar animalske biprodukt samtidig.
  • listeført med ein eller fleire aktuelle biproduktkategoriar, aktiviteten INTP (mellomliggjande anlegg) og produktet RAW (andre uforedla biprodukt).

Bruk søknadsskjemaet "Godkjenning/registrering av animalsk biproduktverksemd" i Mattilsynets skjemateneste.

Kravet om godkjenning gjeld ikkje viss fartøyet allereie er godkjent for næringsmiddel.

Veileder: Slik søker du godkjenning for slakting av oppdrettsfisk på båt (PDF)

Regelverk