Smittevernråd - koronavirus hos mink
Det er inga grunn til å tru at norsk mink er ein smittefare for menneske. Det er likevel viktig at du som driv med mink førebygger smitte mellom menneske og dyr, og mellom eiga og andre anlegg.
Basert på vurderingar frå Veterinærinstituttet tilrår Mattilsynet
- at talet på personar som oppheld seg i anlegget bør avgrensast til det som er strengt naudsynt
- at røktarar bør være påpasselege med hygiene når dei steller dyra
- at personar som har sjukdom som kan smitte til dyr, ikkje bør stelle mink
- at ein held avstand til dyra under stell, så langt det er mogleg