Til hovedinnhold

Uttesting av kombinasjonsbehandling mot lakselus: bruk av ferskvann etterfulgt av oppvarmet vann

Godkjenningsdato
Godkjent fra
Godkjent til
Formålet med forsøket er å utrede korleis ein kombinasjonsmetode med ferskvatn og termisk avlusing påverker fiskevelferden og effekt mot lakselus. Forsøket tar utgangspunkt i velferdsindikatorar for å kartlegge korttids- og langtids påverknad av behandlinga. Fisken i forsøket vil bli bada i ferskvatn (3 timar, 7⁰C ) etterfulgt av behandling med varmtvatn (Thermolicer, 24-34 ⁰C).

Bruk av ferskvatn og Thermolicer er kvar for seg godt kjende og velutprøvde avlusingsmetoder. Thermolicer er ein hyppig nytta avlusingsmetode i Noreg i dag, men det er sett behov for fleire verktøy i bekjemping av lakselus. Laks viser ein betydeleg stressrespons når den blir utsatt for temperaturar over 28 grader. Ein ynskjer derfor å sette inn tiltak til prosessen som kan bidra til auka effekt og velferd i forbindelse med avlusing. Frå informasjon frå felt er det forventa at kombinasjonsmetoden fører til at fiskens tid i ferskvatn og behandlingstemperaturen ved termisk behandling kan reduserast.

Registreringar og observasjonar frå felt har vist at ferskvatn er ein skånsam avlusingsmetode. Det er kjend at kopepoditter raskt blir svekka av ferskvatn, medan pre-adulte og kjønnsmodne lus har høgare toleranse. Dersom behandlinga med ferskvatn ikkje fjerner all lus er det ein risiko for at lakselus med høgare toleranse for ferskvatn overlever og reproduserer. Dette fører til seleksjon av lakselus med auka ferskvasstoleranse, noko som utgjer ein risiko for villfisk som har ferskvatn som einaste naturlege avlusingsmetode.

Forsøksfisken vil bli utsatt for akutt stress og kortvarig fysisk belastning i forbindelse med forsøket, særleg ved trenging, pumping og håving av fisk, og i oppvarma vatn. Ved å nytte lågare temperaturar i Thermolicer er det forventa lågare belastningsgrad enn det som forventast ved ei ordinær Thermolicer-behandling aleina. Dersom eventuelle alvorlege skader, unormal atferd, respirasjonsproblem eller høg stressrespons skulle oppstå, vil forsøket avsluttast.

Forsøksfisken overvåkast gjennom heile behandlinga, ved hjelp av velferdsscoringar før, under og etter behandling. I brønnbåten blir fiskens atferd overvåka i kamera og vannparametre blir kontinuerlig registrert (temperatur, oksygen, CO2, pH). Det blir gjennomført manuelle målingar i behandlingskammer for overvåking av vannparametre. Fisk vil bedøvast fullstendig i forbindelse med handtering som luseteljing og velferdsscoring.

Tidlegare forsøk med kombinasjonsmetoden har vist at å redusere antal forsøksfisk i merdene har gjort det utfordrande å kontrollere fisken i tida etter behandling grunna den lave tettheten i merdene. For at forsøket skal vere så representativt som mogleg for tradisjonelt sjøbasert oppdrett, blir det i dette forsøket nytta fisk frå kommersielle merder på sjølokaliteter. Det er planlagt å nytte tre fiskegrupper i forsøket: laks under 1,5 kg, laks mellom 1,5-3,5 kg og laks over 3,5 kg.

Forsøket vil starte med fiskegruppa på 1,5-3,5 kg, etterfulgt av evaluering før ein går vidare til forsøk med øvrige fiskegrupper. Dermed vil ein merd bli avlusa med ny metode i dei tre ulike fiskegruppene, som totalt gjev tre behandlingar. For kvar behandling skal det nyttast kontrollfisk som gjennomgår termisk behandling med Thermolicer (tilstrekkeleg behandlingstemperatur), ettersom denne metoden blir vurdert som mest belastande for fisken. Totalt antal forsøksfisk vil vere 570 000 og totalt antal kontrollfisk vil vere 570 000.