Slik blir dyresjukdommane listeført og kategorisert i EU
EUs dyrehelseregelverk listefører og kategoriserer ulike dyresjukdommar.
Kategoriseringa er basert på ei vurdering av alvorsgraden til sjukdommen og avgjer kva type tiltak som skal gjerast ved førekomst av sjukdommen. Sjukdommane blir delte inn i kategori A til E, etter eit særskilt system.
Kategori E
Alle dei listeførte sjukdommane er i kategori E og skal overvakast.
Kategori
Nokre av sjukdommane i kategori E er i tillegg i kategori D, som betyr at det blir pålagt tiltak i relasjon til sjukdommane ved forflytting av sendingar mellom EØS-land eller frå tredjeland.
Kategori A, B eller C
Dei mest alvorlege sjukdommane får i tillegg kategori A, B eller C, som tilseier høvesvis omgåande utrydding, obligatorisk utrydding eller frivillig utrydding.
Oversikt og kategori: alle listeførte sjukdommar i EU
Sjå total oversikt over kategorisering av dei listeførte sjukdommane i EU: Hvilke dyresykdommer EU synes er viktige og deres kategorisering
Nasjonal listeføring og kategorisering av dyresjukdommar
EUs dyrehelseregelverk gir Noreg høve til å kategorisere og handtere dyresjukdommar strengare, så lenge tiltaka ikkje er handelshindrande. Vi har valt å både listeføre fleire dyresjukdommar enn EUs dyrehelseregelverk gjer, og å handtere enkelte dyresjukdommar strengare.
Dyresykdommer deles inn i nasjonal liste 1-, liste 2- og liste 3-sykdommer