All privat import av legemiddel til dyr utan gyldig resept er forboden
Alle legemiddel som blir brukte til dyr i Noreg skal som hovudregel vere skaffa gjennom eit norsk apotek eller apotek i EØS-land, eventuelt utleverte av veterinær i samband med behandling.
Det er ikkje tillate å importere legemiddel til dyr sjølv utan resept utskrive av ein autorisert veterinær i Noreg eller andre EØS-land, verken ved at ein tar med seg legemidla heim når ein er på reise eller ved kjøp via nettapotekar og liknande i utlandet. Desse legemidla kan vere falske og ulovlege, og utgjere ein stor helserisiko. Forbodet gjeld for legemiddel til alle dyr, også kjæledyr.
Legemiddel til matproduserande dyr
For legemiddel til matproduserande dyr gjeld strenge reglar for kva legemiddel som kan nyttast, kven som kan sette i verk behandling, tilbakehaldingsfreistar, korleis legemidla skal vere skaffa og korleis legemiddelbruken skal dokumenterast. Dette er regulert i lov om legemidler som gjennomfører legemiddelforordning (EU) 2019/6. Dersom ulovleg importerte legemiddel blir nytta til matproduserande dyr, kan dette medføre at eit dyr, eller ei heil besetning, ikkje lenger kan nyttast til matproduksjon, sjølv etter ei lang tilbakehaldingstid.
Legemiddel til kjæledyr
Ein del anti-parasittmidlar er ikkje reseptbelagde i mange land. Dette gjeld til dømes legemiddelet som blir brukt mot revens dvergbendelormen i Sverige. I tillegg er nokre legemiddel som ikkje er reseptbelagde i andre land billigare enn i Noreg. Det kan derfor vere freistande for mange å kjøpe med seg slike legemiddel når dei er på handletur i Sverige, men dette er altså ikkje tillate.
Falske legemiddel kan skape alvorlege helseproblem for dyr
I tillegg finst det også ein del falske legemiddel frå enkelte land som inneheld andre aktive substansar eller i andre mengder enn det som blir oppgitt. Desse kan gi alvorlege biverknader.
Mattilsynet anbefaler at du er spesielt merksam på nettbutikkar som tilbyr reseptpliktige legemiddel til dyr for sal direkte til deg som forbrukar utan at resept blir lagd inn. Denne praksisen er ikkje i tråd med lov om legemidler til dyr i Noreg. Dermed blir ein slik handel rekna som eit lovbrot både om det ser ut til at medikamenta kjem frå eit lager i Noreg eller lagar i andre land.
Les meir om reglane her: Sal, import og innførsel av legemiddel til dyr (dmp.no)