Nettbasert kurs for dyrehelsepersonell i rett antibiotikabruk til dyr
Ta Mattilsynets gratis e-læringskurs for å sette deg inn i eller oppdatere deg på forsvarleg antibiotikabruk. Kurset er obligatorisk for studentar som skal ha mellombels lisens.
Vis endring
- Teksten er oppdatert
Teksten er endret som følge av at kurset har blitt videreutviklet.
Kurset er ein del av Landbruks- og matdepartementets oppfølging av den nasjonale strategien mot antimikrobiell resistens. Det fokuserer på rett og ansvarleg bruk av antimikrobielle legemiddel for å motvirke aukande resistens mot antibiotika hos dyr. Sjølv om Noreg har eit lågt forbruk av antibiotika til dyr, er det framleis viktig å redusere bruken og bruke antibiotika på rett måte.
Rettleiar om bruk av legemiddel til dyr
Terapioppfordringar: Bruk av antibakterielle midlar til produksjonsdyr (dmp.no)
Målgruppe
Primærmålgruppa for kurset er veterinærstudentar. Ferdigutdanna dyrehelsepersonell kan også dra nytte av kurset for å sikre at kunnskapen deira om antimikrobiell resistens og bruk av antibiotika er i tråd med krava i dyrehelsepersonellova og legemiddellova.
Både kurset og den følgande testen er obligatoriske for veterinærstudentar som søker om mellombels lisens i samsvar med forskrift om tilgang for vidarekomne veterinærstudentar til å utføre kortvarig assistentteneste (lovdata.no).
Kursinnhald og tilgang
Kurset består av fem modular. Dei to første fokuserer på utviklinga av antibiotikaresistens globalt og i Noreg. Dei tre siste modulane tar for seg kliniske kasus om rett antibiotikabehandling av storfe, hund og hest.
Kurset er tilgjengeleg som e-læring på NMBUs læringssystem Canvas (nmbu.no). Ta kontakt med NMBU viss du treng å opprette ein brukarkonto. Deltakarane må ha norsk personnummer for å kunne gjennomføre kursa på Canvas. Dyrehelsepersonell utan norsk personnummer må kontakte NMBU.
Etter å ha fullført kursa, må du gjennomføre ein kunnskapstest. Testen måler om du har lukka eventuelle kunnskapshol, og gir deg meir informasjon om gjeldande regelverk for bruk av antimikrobielle legemiddel.