Varsle oss


Publisert 27.09.2012 | Sist endret 02.01.2014

Om det gjeld eit sjukt eller skada kjæledyr eller husdyr, skal du kontakte den lokale veterinærtenesta.

Om det gjeld eit sjukt eller skada vilt dyr, ta kontakt med viltnemnda i kommunen du er i.

Om det gjeld eit dyr utan eigar, laushund eller ulovleg hunderase, ta kontakt med politiet på telefon 02800 eller sjå www.politi.no

Du skal varsle Mattilsynet direkte på tlf. 22 40 00 00 når:

  • saka gjeld ei alvorleg dyrevelferdssak som ikkje kan vente til neste arbeidsdag. Andre dyrevelferdsaker kan du tipse oss om ved å følgje lenka Bekymringsmelding nedanfor
  • saka gjeld symptom på smittsom sjukdom hjå dyr.Ved symptom som opptrer brått og sprer seg til fleire dyr, til dømes  blærer på slimhinner, utslett, høg feber og dyr som dør, er det viktig å ta kontakt på telefon så raskt som mogleg. Dersom det er symptom som utviklar seg over tid,   som avmagring, eller  to eller fleire abortar i ein og same besetning, kan du alternativt melde dette på Mattilsynets skjemateneste.
  • saka gjeld mistanke om karanteneskadegjerare på planter. Alternativt kan ein melde dette på Mattilsynets skjemateneste.
  • saka gjeld eit utbrot av matbåren sjukdom med potensial for å smitta mange menneske eller menneske som har nedsatt immunforsvar. Alternativt kan du tipse oss om dette ved å følgje lenka Bekymringsmelding nedanfor.

Bekymringsmelding

Bruk Mattilsynets elektroniske skjema for å melde frå til oss dersom:
- Du mistenkjer at du er blitt sjuk av noko du har ete eller drukket.
- Du oppdagar dyrevelferdsproblem.
- Du oppdagar manglande merking eller feilmerking av allergener.
- Du oppdagar andre forhold du ynskjer å melde til Mattilsynet.

Innmelding av døde produksjonsdyr

Meld frå om dødt eller avliva produksjonsdyr via Mattilsynets elektroniske skjema for innmelding av døde produksjonsdyr eller på tlf. 22 40 00 00.

Varslinga er viktig for overvåkning av sjukdomar som kugalskap og skrapesjuke. Mattilsynet tar hjerneprøve av desse dyra og er avhengig av å få melding så snart som mogleg.