Til hovedinnhold

Desinfeksjon av rogn

Du skal gjennomføre systematiske tiltak som hindrar spreiing av smitte med rogn og mjølke. Nybefrukta rogn av laksefisk skal desinfiserast før ho blir lagt inn til inkubering. Rogn av andre artar enn laksefisk skal også desinfiserast dersom det finst eigna desinfeksjonsmetode.

Publisert

I tillegg til krav om desinfeksjon av rogn, er det meininga at ”systematiske tiltak som hindrar spreiing av smitte” mellom anna omfattar fysisk og smittehygienisk skilje mellom rein og urein avdeling med smittesluser og rutinar som hindrar krysskontaminering.

Akvakulturdriftsforskrifta stiller ikkje konkrete krav desinfeksjonsmetode, men følgjande tilrådingar kan givast:

  • Jodofor kan nyttast til desinfeksjon av rogn frå ei rekkje fiskeartar, men er mest vanleg brukt på rogn frå fisk innan laksefamilien. For andre artar enn dei som tilhøyrer laksefamilien bør det gjennomførast testar på mindre rogngrupper når det gjeld tryggleik i forhold til rognstadium og konsentrasjon på jodoforløysing.
     
  • Ved bruk av jodofor ved desinfeksjon av rogn frå fisk i laksefamilien, må pH på løysinga vere mellom pH 6 og pH 8 for å unngå skadar på rogna. Anbefalt konsentrasjon på jodoforløysing er 100 mg/l, kontakttid 10 minutt. Det blir tilrådd at rogna blir reinsa i ”reint” ferskvatn før og etter desinfeksjon, alternativt at jodoforløysinga blir nøytralisert med natriumthiosulfat etter adekvat kontakttid. Vatn som blir nytta til jodoforløysinga må vere fri for organisk materiale for at desinfeksjonen skal vere effektiv.
     
  • Ein må vere merksam på at ulike jodoforprodukt som finst tilgjengeleg på marknaden kan innehalde variable mengder med detergentar som kan ha toksisk effekt på rogn. Ved eventuelt skifte av produkt bør det gjennomførast testar på mindre rogngrupper.
     
  • Det blir påpeika at desinfeksjon av rogn med jodofor er ei overflatebehandling som vil ha redusert effekt når det gjeld vertikal overføring av agens som kan overførast inne i rognkorna.
     
  • Ved desinfeksjon av rogn frå marine artar, som raudspette, torsk og kveite, er det dokumentert biverknader ved bruk av jodofor. Ved desinfeksjon av rogn frå marin fisk kan glutaraldehyd med konsentrasjon på 400-600 mg/l og kontakttid på 5-10 minutt blir nytta. Glutaraldehyd er likevel ikkje effektivt mot nodavirus (VNN/VER). Her blir bruk tilrådd av ozon med konsentrasjon på 0,1-0,2 mg O3 /liter og kontakttid på 30 sekund. Ein må også her vere merksam på at ozon kan ha toksisk effekt på rogn. Det bør gjennomførast testar på mindre rogngrupper før bruk i større skala.